Faddejbukta
Faddejbukta (russisk Залив Фаддея, Zaliv Faddeja) er ei bukt i Laptevhavet på austkysten av Tajmyrhalvøya i Russland. Ho er 47 km lang frå delatet til elva Pregradnaja i sørvest til munningen i nordaust. Bukta er i snitt 21 km.
Faddejbukta | |||
bukt | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Laptevhavet | ||
Faddejbukta 76°36′00″N 107°25′00″E / 76.6°N 107.41666666667°E |
Sidan bukta ligg så langt nord er klimaet rundt Faddejbukta særs hardt med lange, harde vintrar. Bukta er islagd det meste av året, og stundom er det restar av is gjennom den korte sommarperioden.
Faddejøyane ligg nord for bukta, like ved munningen av bukta. Faddejbukta høyrer til Krasnojarsk kraj.
Historie
endreFaddejbukta vart vitja av Vitus Bering under ekspedisjonane hans i det nordlege og austlege Russland.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Faddey Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- William Barr, The First Soviet Convoy to the Mouth of the Lena.
- Utforskinga av området [1] og [2] Arkivert 2013-12-26 ved Wayback Machine.
- Historie
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: