Opna hovudmenyen

Fagbokforlaget er eit forlag som gjev ut læremiddel og faglitteratur for alle nivåa av utdanning, frå barnehage til høgre utdanning og kursverksemd. Forlaget har hovudsetet sitt i Bergen og avdelingskontor i Oslo og Gdansk.

Fagbokforlaget vart starta av dei to studentane Arno Vigmostad og Arnstein Bjørke i 1992.

Forlaget gjev i tillegg til bøker også ut ei rekkje tidsskrift og distribuerer bøker for fleire mindre forlag.

Fagbokforlaget gjev ut «almenne» bøker, norsk og omsett skjønnlitteratur og krim, under etiketten Vigmostad & Bjørke.

BakgrunnsstoffEndra