Fagerborg kyrkje

kyrkje i Oslo

Fagerborg kyrkje er ei treskipa langkyrkje frå 1903 i sørenden av StensparkenFagerborg i Oslo kommune, teikna av Hagbarth Schytte-Berg, som vann ein arkitektkonkurranse. Kyrkja har tilkomst frå den såkalla Norabakken i Pilestredet.

Fagerborg kyrkje
kyrkje
Fagerborg kyrkje
Foto: Bjørn Erik Pedersen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Oslo domprosti
Sokn Fagerborg
Fellesråd Oslo
Type Langkyrkje
Arkitekt Hagbarth Schytte-Berg
Teknikk Mur
Material Teglstein forblenda med
granitt frå Skjeberg
Innvigd 22. desember 1903
 - Endringar 1934, 1957
Tårn I vest, asymmetrisk plassert
Skip 3
Klokker 2, Olsen Nauen
Kyrkjegard Nei
Preikestol Johan Borgersen
Døypefont Hvit marmor, av Lars Utne
Altartavle Jo Visdal
Orgel Orgelbau Goll, 2007
Sitjeplassar 525[1]
Kart
Fagerborg kyrkje
59°55′38″N 10°43′47″E / 59.92721667°N 10.72958611°E / 59.92721667; 10.72958611
Wikimedia Commons: Fagerborg kirke
Eldre fotografi

Kyrkja er oppført i teglstein forblenda med granitt frå Skjeberg i Østfold, og tårnet er asymmetrisk plassert, slik det var populært på den tida. Ho er prega av ein historistisk eklektisisme, det vil seie at arkitekten har blanda saman eit utval av arkitektoniske stildrag frå ulike tidsperiodar. Dei tre inngangsdørene side om side poengterer at kyrkja er treskipa. Tilsvarande ordningar med tre inngangsdører er å sjå i store katedraler frå mellomalderen på kontinentet, sjå til dømes Notre-Dame de Paris.

Det er ikkje gravplass ved kyrkja.

Fotnotar endre

  1. Kirkebøe (2007) og Tvedt (2010).

Litteratur endre

  • Kirkebøe, M.C. (2007). Knut Arve Tvedt og Øyvind Reisegg, red. Oslos kirker i gammel og ny tid (2 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 28-29. ISBN 978-82-573-1946-5. 
  • Eldal, Jens Christian og Havran, Jiri (2002). Kirker i Norge, bind 3: Med historiske forbilder. 1800-tallet. Oslo: ARFO. s. 192-195. ISBN 82-91399-11-5. 
  • Tvedt, Knut Are, red. (2010). Oslo byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 161-162. ISBN 978-82-573-1760-7. 

Bakgrunnsstoff endre

  Denne Osloartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.