Oslo domprosti er eit tenestedistrikt i Oslo bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner sentrale delar av Oslo og er eitt av fem prosti som dekkjer Oslo kommune. Sidan prostiet er knytt til Oslo domkyrkje, er det leia av ein domprost.

Oslo Domkyrkje

Sokn endre

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Prostiet har pr. 2014 åtte sokn, etter ei større endring med fleire samanslåingar i 2013. Då vart Gamlebyen sokn og Grønland sokn slått saman til eitt sokn, og Gamle Aker sokn, Lovisenberg sokn, Markus sokn, Oslo Domkyrkje sokn og Trefoldighet sokn vart slegne saman til Sentrum og St. Hanshaugen sokn.[1]

Sokn Kyrkje(r) Kyrkjeleg fellesråd
Bygdøy sokn Bygdøy kyrkje Oslo
Fagerborg sokn Fagerborg kyrkje Oslo
Frogner sokn i Oslo Frogner kyrkje i Oslo Oslo
Gamlebyen og Grønland sokn Gamlebyen kyrkje (i privat eige)
Grønland kyrkje
Oslo
Sentrum og St. Hanshaugen sokn Gamle Aker kyrkje
Lovisenberg kyrkje (i privat eige)
Markus kyrkje (leigd ut)
Oslo Domkyrkje
Trefoldighetskyrkja
Oslo
Kampen sokn i Oslo Kampen kyrkje i Oslo Oslo
Uranienborg sokn Uranienborg kyrkje Oslo
Vålerengen sokn Vålerenga kyrkje Oslo

Prestegjeld endre

Prestetenesta var tidlegare organisert lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Oslo Domprosti desse prestegjelda:

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. «Møteprotokoll frå møte i Oslo bispedømmeråd» (PDF). Oslo bispedømmeråd. 25. februar 2013. 

Bakgrunnsstoff endre

59°54′45″N 10°44′46″E / 59.91250°N 10.74611°E / 59.91250; 10.74611