Falkland Islands Dependencies

Falkland Islands Dependencies var ei administrativ ordning for britiske territorium i Antarktis og subantarktiske øyer frå 1843 til 1985. Områda blei administrerte frå Falklandsøyane og hovudstaden her, Port Stanley.

Falkland Islands Dependencies
undernasjonalt område
Flagg
Symbol
Land  Storbritannia
Areal 1 713 466 km²
Folketal 720 (1909)
Kart
Falkland Islands Dependencies
54°15′ S 36°45′ W
Wikimedia Commons: Falkland Islands Dependencies

Territorium endre

Britiske territorium som høyrde til Falkland Island Dependencies i tida frå 1917 til 1962 var:

I 1962 blei Britisk Antarktis skipa som eige terrirotirum, og berre Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane var att som Falkland Islands Dependencies frå 1962 til 1985.

Historie endre

I november 1976 gjekk argentinske styrkar i land på dei folketomme øyane Southern Thule og okkuperte dei. Dette var dei tre sørlegaste øyane i Sør-Sandwichøyane. Etter den argentinske invassjnen av Falklandsøyane i 1982, som starta Falklandskrigen, tok argentinske marinestyrkar kontroll over austkysten av Sør-Georgia etter å ha overmanna ei lita gruppe frå britiske Royal Marines i Grytviken 3. april 1982.

22. april 1982 kom britiske styrkar til havområdet ved Falklandsøyane. Tre dagar seianre tok britiske styrkar Sør-Georgia atten. 14. juni overgav argentinske styrkar på Falklandsøyane seg formelt, og 20. juni tok britiske styrkar attende Sør-Sandwichøyane, medrekna Southern Thule-garnisonen og Corbeta Uruguay-basen.

I 1985 blei området gjort om til eit britisk oversjøisk territorium med namnet South Georgia and the South Sandwich Islands.[1]

Kjelder endre

  1. «South Georgia and the South Sandwich Islands». Arkivert frå originalen 22. januar 2016. Henta 18. april 2020.