Falklandsøyane
Falklandsøyane (engelsk Falkland Islands, spansk Islas Malvinas) er ei øygruppe som er styrt som eit britisk oversjøisk område. Hovudstaden er Stanley med 1750 innbyggjarar.
Falklandsøyane Falkland Islands | |||
Islas Malvinas | |||
øygruppe | |||
|
|||
Motto: «Desire the right» | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Sør-Amerika | ||
Hovudstad | Stanley | ||
Areal | 12 173 km² | ||
Folketal | 3 140 (2008) | ||
Tidssone | -4 | ||
![]() Falklandsøyane | |||
Wikimedia Commons: Falkland Islands | |||
Ein guvernør styrer øyane på vegner av styresmaktene i Storbritannia. I tillegg til Falklandsøyane styrer guvernøren òg over øygruppa Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Argentina gjer òg krav på området, og innlemar dei i provinsen Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur.
GeografiEndra
Falklandsøyane ligg i sør i Atlanterhavet, 483 km utanfor austkysten av Argentina. Dei to hovudøyane er Vest-Falkland og Aust-Falkland. Hovudstaden, Stanley eller Port Stanley, ligg på Aust-Falkland. I tillegg kjem nær 200 mindre øyar. Øyane har ei samla flatevidd på 12 173 km² og 2 967 innbyggjarar (juli 2003).
Det høgaste fjellet i øygruppa er Mount Adam (698 moh.) på Vest-Falkland.
HistorieEndra
I 1982 invaderte Argentina øyane, noko som utløyste Falklandskrigen. Storbritannia sende ein flåtestyrke og gjenerobra øyane etter harde kampar.
Etter at Storbritannia har teke til å interessera seg for å leita etter olje i farvatna rundt øyane, har Falklandsøyane igjen ført til protestar frå Argentina.[1]
Verdt å sjåEndra
KjelderEndra
- ↑ Steffansen, A., Falklandsøyene - et åpent sår for Argentina, NRK.no, 12/2-21012.
BakgrunnsstoffEndra
- Falkland Islands Government
- Origins of Falkland Islanders (Engelsk Wikipedia)