Falkland Islands and Dependencies Aerial Survey Expedition

Falkland Islands and Dependencies Aerial Survey Expedition var ein ekspedisjon til Antarktis utført av Falkland Islands Dependencies Survey for britiske styresmakter i 1955-1956. Målet med ekspedisjonen var å fotografere Den antarktiske halvøya frå lufta. I løpet av to sommarsesongar kartla ekspedisjonen over 90 000 km² av halvøya som til då ikkje hadde vore kartlagd.

Dette skjedde meir enn 25 år før Falklandskrigen braut ut, ein strid mellom Argentina og Storbritannia om statsvelde over Falklandsøyane og britiske kravområde i Antarktis, og britane forstod at dei trong nøyaktige kart over området.

Kjelder

endre

Peter Mott (1986). Wings Over Ice: The Falkland Islands and Dependencies Aerial Survey Expedition. Miles Apart. s. 167. ISBN 0951169904.