Fallières Coast

(Omdirigert frå Fallieres Coast)

Fallières Coast er den delen av vestkysten av Den antarktiske halvøya mellom utgangen av Bourgeois Fjord og Cape Jeremy og ligg ved Marguerite Bay og Wordie isbrem. I sør grensar han til Rymill Coast og i nord til Loubet Coast. Fallières Coast vart først utforska i januar 1909 av Den franske antarktisekspedisjonen under J.B. Charcot, som namngav kysten og kalla han opp etter Armand Fallières, då president i Frankrike.[1]

Plasseringa til Fallières Coast.

KjelderEndra

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Fallières Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).

Koordinatar: 68°30′S 67°0′W