Rymill Coast
Rymill Coast er den delen av vestkysten av Den antarktiske halvøya mellom Cape Jeremy og Buttress Nunataks. Han går nordover frå English Coast og aust for Alexander Island over George VI Sound. Han møter Fallieres Coast i nord, som går langs Marguerite Bay.
Kysten vart delvis fotografert frå lufta av Lincoln Ellsworth, 23. november 1935; og vidare fotografert frå lufta og kartlagt av British Graham Land Expedition (BGLE) i oktober-november 1936; og vidare kartlagt av U.S. Antarctic Service (USAS) i 1940, og av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) 1948–50. Fleire flyfotografi vart tekne av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) i 1947 og U.S. Navy i 1966. Han vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1985 etter John Riddoch Rymill (1905–68), den australske leiaren av BGLE, 1934-37.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Rymill Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).