Jean-Baptiste Charcot
Jean-Baptiste Étienne Auguste Charcot (fødd 15. juli 1867 i Neuilly-sur-Seine i Frankrike, død 16. september 1936 til sjøs, utanfor Island) var ein fransk lege og polfarar.
Jean-Baptiste Charcot | |||
| |||
Fødd | 15. juli 1867 Neuilly-sur-Seine | ||
---|---|---|---|
Død | 16. september 1936 Island | ||
Nasjonalitet | Frankrike | ||
Område | lege | ||
Yrke | lege, oppdagar, idrettsutøvar, forskar, rugbyspelar | ||
Institusjonar | École pratique des Hautes Études | ||
Alma mater | École alsacienne | ||
Ektefelle | Jeanne Hugo, Meg Cléry | ||
Medlem | Det franske vitskapsakademiet Académie de Marine Académie nationale de médecine Royal Academy of Medicine of Belgium Légion d'honneur D.P.L.V. |
Charcot var sjef for nerveklinikken ved La Salpêtrière-hospitalet ved det medisinske fakultetet i Paris og var tilsett ved Pasteurinstituttet.
Han leia den franske antarktisekspedisjonen som i perioden 1903–1905 utforska vestkysten av Graham Land med skonnerten «Français». Ekspedisjonen nådde Adelaide Island i 1905 og fotograferte Antarktiske Arkipel og Loubet Coast.
På ein ny ekspedisjon frå 1908 til 1910 med barken «Pourquoi-Pas?» utforska han Bellingshausenhavet og Amundsenhavet og oppdaga Loubet Land, Marguerite Bay og øya Charcotøya, som han kalla opp til ære for far sin.
Frå 1925 til 1936 forska han i austre Grønland og Svalbard.
Han var son av nevrologen Jean-Martin Charcot.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «nb:» frå Wikipedia på bokmål, den 18. oktober 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Jean-Baptiste Charcot: Le «Pourquoi pas?» dans l'Antarctique 1908-1910, Arthaud, Paris, 1996, ISBN 2-7003-1088-8
- Robert K. Headland: Chronological List of Antarctic Expeditions and Related Historical Events, 1989, ISBN 0521309034
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Jean-Baptiste Charcot. south-pole.com