Opna hovudmenyen

Kjemisk struktur
Morfin

CAS-nummer
57-27-2
ATC-nummer
N02A A01
Metabolisme Hovudsakleg i lever ved konjugering med glukuronsyre
Halveringstid Ca. 2-4 timar
Utskiljing Renal
Administrasjonsform Per oral, IV, IM, SC

Morfin er eit alkaloid opioid smertestillande lækjemiddel som kan utvinnast frå opium.[1] Det vert nytta ved sterke smerter og verkar ved hjelp av ein sentral smertestillande effekt.

Stoffet står på WHO si liste over essensielle medisinar, men er også underlagt streng kontroll. Det står på den norske narkotikalista,[2] og på dopinglista til antidopingbyråa WADA og Antidoping Norge.

HistorieEndra

Stoffet vart først isolert frå opium mellom 1803 og 1805 av den tyske farmasøyten Friedrich Serturner.[3] Han kalla stoffet Morphium etter Morfevs, ein gresk gud for søvn og draumar.[4][5]

Sertürner og kompani byrja selja morfin i 1817 for smertelindring, og som eit middel mot avhengnad til opium eller alkohol. Selskapet Merck byrja selja stoffet i 1827.[3] Morfin blei meir utbreidd etter at ein utvikla sprøyter til medisinsk bruk i 1853–1855.[3][4]

Stoffet blei mykje brukt i den amerikanske borgarkrigen, og over 400 000 soldatar[6] skal ha fått «soldatsjukdommen», det vil seia morfinavhengnad.[7] På grunn av den sterke avhengnaden morfin skaper nyttar ein ofte andre smertestillande medikament ved kroniske smertar, medan kortvarig bruk er rekna som tilrådeleg og ikkje vanedannande.

HandelsnamnEndra

Noreg
Utlandet

Danmark: Contalgin, Depolan, Doltard (frå Nycomed), Malfin, Morfin.

KjelderEndra

  1. Mørland, Jørg; Johansen, Tor Halvor (5. desember 2018). «morfin». Store medisinske leksikon (på norsk). 
  2. «Forskrift om narkotika (narkotikaforskriften)». lovdata.no. 22.02.2013. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Courtwright, David T. (2009). Forces of habit drugs and the making of the modern world (1 utg.). Cambridge, Mass.: Harvard University Press. s. 36–37. ISBN 978-0-674-02990-3. Arkivert frå originalen den 8 September 2017. 
  4. 4,0 4,1 Clayton J. Mosher (2013). Drugs and Drug Policy: The Control of Consciousness Alteration. SAGE Publications. s. 123. ISBN 978-1-4833-2188-2. Arkivert frå originalen den 8 September 2017. 
  5. Fisher, Gary L. (2009). Encyclopedia of substance abuse prevention, treatment, & recovery. Los Angeles: SAGE. s. 564. ISBN 978-1-4522-6601-5. Arkivert frå originalen den 8. september 2017. 
  6. Vassallo SA (July 2004). «Lewis H. Wright Memorial Lecture». ASA Newsletter 68 (7): 9–10. Arkivert frå originalen 2. februar 2014. 
  7. «Opiate Narcotics». The Report of the Canadian Government Commission of Inquiry into the Non-Medical Use of Drugs. Canadian Government Commission. Arkivert frå originalen den 4. april 2007. 

BakgrunnsstoffEndra