Familien på Borgan
Familien på Borgan er ein norsk spelefilm frå 1939. Filmen er skriven og regissert av Helge Lunde.
Regi | Helge Lunde | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | Helge Lunde | ||
Manus | Helge Lunde | ||
Medverkande | Victor Bernau, Harald Steen, Alf Sommer, Joachim Holst-Jensen | ||
Klipp | Reidar Lund | ||
Musikk | Jolly Kramer-Johansen | ||
Sjeffotograf | Reidar Lund | ||
Produksjonsselskap | Norsk Lydfilm A/S | ||
Utgjevingsdato | 1939 | ||
Lengd | 92 minutt | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Språk | norsk | ||
Sjanger | dramafilm |
Filmen tek for seg familielivet til godseigaren på Borgan og bror hans, som er grosserar i byen. Godseigaren har lenge hatt eit utanomekteskapeleg forhold til fru Berg, enkjekona til gardstyraren hans, og er i løyndom far til dotter hennar, Anne. Dottera er hemmeleg trulova med Knut, son av grosserar Borgan, som studerer landbruk. Kona og døtrene til grosseraren er opptekne av fest og luksus, og ønskjer livet av godseigaren slik at dei kan arva han.
Då dei får høyra at godseigaren er dødssjuk dreg dei til Borgan for å krevja arva. Men sjukdommen er berre ei løgn for å lura dei dit medan godseigaren giftar seg med fru Berg og erklærer seg som far til Anne, som blir den rettmessige arvingen hans, og Knut giftar seg med Anne.
Bakgrunnsstoff
endre- Familien på Borgan (1939) Arkivert 2013-01-23 ved Wayback Machine., Filmbasen.no
- Familien på Borgan ved IMDb
Kjelder
endre- Familien på Borgan (1939) Arkivert 2013-01-23 ved Wayback Machine., Filmbasen.no