Opna hovudmenyen

Farasanøya (arabisk جزيرة فرسان, Jazyrat Farasan) er den største av Farasanøyane i Raudehavet. Han ligg 50 km utafor kysten frå Jizan, heilt sørvest i Saudi-Arabia. Hovudbyen på øya er Farasan.

Farasan
øy
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Provins Jizan-provinsen
Koordinatar 16°42′N 41°59′E
Areal 686 km²
Folketal 1 000 (2004)
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg

Det går både ferjer og flukas (lokale småbåtar) til øya. Ferja er gratis og tar 35-40 bilar og 60 eller fleire passasjerar. Overfarten tar frå tre timar til 90 minutt. Flukas-båtane tar opp til 12 passasjerar og brukar ein time over.

BakgrunnsstoffEndra