Fargetemperatur
Fargetemperatur er eit omgrep som blir brukt for å skildre synleg lys. SI-eininga er kelvin (K). Fargetemperaturen til ei lyskjelde er definert som den temperaturen den absolutt svarte lekamen må ha for å ha same kulør som lyskjelda. Fargetemperatur har samanheng med Plancks strålingslov og Wiens forskyvingslov.
Ulike fargetemperaturar
endreNokre døme på fargetemperaturar:
- 2000 K: Stearinlys
- 2700–3300 K: Glødelampe
- 2700–7000 K: Lysrøyr
- 3000 K: Halogenlampe
- 5500 K: Blits
- 5500–6000 K: Vanleg sollys
- 6500 K: Overskya himmel
Ofte blir fargar skildra som varme eller kalde. Varme fargar er då ofte i området 2700–3000 K medan dei kalde er i området 5000 K og høgare.
Metoden blir særleg brukt til å finne overflatetemperaturen for stjerner.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fargetemperatur» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Bjørset, Hans-Henrik og Hansen, Eilif Hugo (2006). Lysteknikk. Classica. ISBN 82-7610-011-2.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: