Ein lysdiode eller ljosdiode (eller LED, light-emitting diode) er ein elektrisk komponent som lyser med eit inkoherent monokromatisk lys når lysdioden vert forspent i framoverretning. Fargen vert bestemt av kva slags halvleiarmateriale som vert brukt, og kan vere ultrafiolett, synleg eller infraraudt lys. Prinsippet byggjer på at elektron-hol-par vert rekombinert over PN-overgangen. Det vert då frigjordt energi, i form av fotonar.

Lysdiodar

Bruksområde endre

I mange tiår har lysdiodar vorte nytta som indikatorlamper for ulike elektriske apparat. Større diodar kan også brukast til belysning.

Føremonar endre

Lysdioden har høgre verkningsgrad og varar lengre (over 100 000 timar) enn ei glødelampe (ca 1 000 timar), eller halogenlampe (ca 10 000 timar). Dei nyaste modellane er (tilnærma) ufølsomme for temperaturvariasjonar, risting og vibrasjonar sidan dei ikkje har nokon lause delar.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: LED