Faringdon
Faringdon er ein marknadsstad i Vale of White Horse, nær Thame-dalen i Sør-England. Sjølve tettstaden ligg mellom elva Themsen og Ridgeway i Oxfordshire.
Faringdon | ||
---|---|---|
Faringdon market place | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Oxfordshire | |
Distrikt | Vale of White Horse | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
6 187 | |
Koordinatar | 51°39′N 1°35′W / 51.650°N 1.583°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | SN7 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1367 | |
I 2004 fekk Faringdon status som fairtrade-stad. Faringdon er også basen til Faringdon Gateway, som hjelper forretningar i Oxfordshire med utvikling og oppretthalding.
Historie
endreNamnet Faringdon tyder 'bregnedekt ås'. Kongane av Wessex og seinare England åtte eit palass lokalisert i Faringdon. Det har gått rykte om at ein av kongane døydde der, men det er truleg ikkje sant.
Vekemarknaden blei til allereie på 1200-talet, og er halden ved like den dag i dag.
Under den engelske borgarkrigen vart Robert Pye halden som fange i sin eigen heim i Faringdon. Huset hans står den dag i dag i tettstaden, og det noverande huset blei bygd i 1750.
Transport
endreBussar
endreFaringdon er forbunde til Wantage med vanlege bussruter. Reisa tar bortimot 30 minutt og går innom stadane som ligg i mellom. I 2007 var nyttinga av tilbodet så dårleg at ruta står i fare for å bli lagt ned. Faringdon er også bunde til Swindon og Oxford med vanlege bussruter.
Tog
endreI 1864 opna ei nærmare seks kilometer lang jernbanelinje mellom Faringdon og hovudlinja ved Uffington, finansiert av Faringdon Railway Company. Passasjertalet var størst i 1913, men etter at passasjertalet sokk dramatisk blei linja stengd i 1951.
Bakgrunnsstoff
endre- Faringdon.org Community Site
- Faringdon.co.uk Business & Community Site Arkivert 2019-03-20 ved Wayback Machine.
- Faringdon Town Council Site Arkivert 2015-12-17 ved Wayback Machine.
- Faringdon Chamber of Commerce Site Arkivert 2019-01-22 ved Wayback Machine.
- Faringdon Advertiser Site Arkivert 2017-09-28 ved Wayback Machine.
- The Folly Tower Trust Arkivert 2008-05-07 ved Wayback Machine.
- Picture of the Folly
- BBC website ref. Faringdon Folly with panoramic view of Faringdon
- Faringdon Workhouse Arkivert 2006-09-24 ved Wayback Machine.