Farmakologi
Farmakologi er vitskapen om effekten til legemiddel og blant anna opptak i kroppen. Feltet blir tradisjonelt delt i to: Farmakodynamikk og farmakokinetikk.
Farmakodynamikk
endreFarmakodynamikk er kunnskapen om effekten legemidla har på kroppen, korleis og kvar hen dei verkar. Dei aller fleste legemiddel verkar ved at dei bind seg til reseptorar i cellene. Legemiddelet tar så og enten blokkerer verkestoffa til cellene eller forsterkar dei.
Farmakokinetikk
endreFarmakokinetikk er kunnskapen om korleis legemiddel blir opptekne, fordelte, brotne ned og til slutt utskilde ifrå kroppen. Levra spelar ei sentral rolle i korleis legemidla blir nedbrotne. Organet har rik blodstrøyming og enzyma som arbeider her kan raskt ta opp verkestoffa ifrå ei rekkje ulike medisinar. Redusert nyrefunksjon er ei av dei viktigaste årsakene til nedsett halveringstid i kroppen. Eldre personar blir gjerne utsette for nedsett nyrefunksjon.