Farsdagen er ein heidersdag for fedrar.

Far og dotter under ei farsdagsfeiring ved Camp Pendleton.

På farsdagen er det tradisjon å gjere stas på faren sin. Det kan vere ved å gje han frukost på senga, ei gåve, eller ved å gje eit farsdagskort eller ei enkel helsing på farsdagen.

Farsdagskort endre

Eit farsdagskort er gjerne eit stykke bretta papir av god kvalitet. Utanpå er det ei teikning eller ei helsing. Farsdagskortet skal ha luker å opne, og inni lukene er det nye teikningar eller helsingar, gjerne på rim.

Dato endre

I Noreg vert farsdagen feira den andre søndagen i november, det vil seie søndag 10. november i 2024, og søndag 9. november i 2025.

Skikken med å feire farsdag kom frå USA til Norden og Noreg etter andre verdskrigen. Det skal vere fru John B. Dodd frå Washington som først etablerte denne skikken, då ho denne dagen i 1909 byrja å ære far sin, William Smart, ein veteran frå den amerikanske borgarkrigen.

I Belgia feirar dei farsdag den andre søndagen i juni og i Nederland den tredje søndagen i juni. I Spania (og ein del av Belgia) feirar dei farsdag 19. mars, minnedagen for den heilage Josef, pleiefar til Jesus. I Tyskland feirar dei farsdag på Kristi himmelfartsdag, sidan Jesus på den dagen reiste til Far sin i himmelen). I Australia er den første søndagen i september farsdag.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre