Frukost er eit måltid ein et om morgonen eller føremiddagen. Måltidet er også kjend som morgonmat, morgonmål og i nyare tid dugurd. Frukost blir ofte kalla det viktigaste måltidet på dagen, ettersom å eta frukost har positiv innverknad både på blodsukkernivå i løpet av dagen og helse på lengre sikt.[1]

Kinderfrühstück (1879) av Albert Anker.

Frukost kan vera eit lett måltid med bakverk, kornblanding, jogurt eller frukt, eller ein meir omfattande varmrett med kjøt, egg, grønsaker og liknande. Ein kan ha varme drikkar som te eller kaffi, eller kalde som jus eller mjølk, til.

Ein skil gjerne mellom kvardagsfrukost og helge- eller annan høgtideleg frukost.

Ordsoge endre

Ordet «frukost» er frå lågtysk og tyder 'tidleg måltid'. På norsk kalla ein tidlegare det første måltidet på dagen «morgonmat», «åbit» eller «føreåbit» og måltidet ein hadde etter dette «dugurd». I nyare tid har både «frukost» og «dugurd» blitt brukt om dagens første måltid.[2]

På dansk viser «frokost» til måltidet nordmenn kallar føremiddagsmat eller lunsj, og det første måltidet heiter «morgenmad».

Ulike frukostvanar endre

 
Frukost med brød og morgonavis i New Orleans.

Kva ein et til frukost varierer med tid, stad og tilgang på mat, tilreiing og vanar. Eit stort måltid om morgonen gjer at ein kan arbeida lenge før ein treng mat att, men kan forseinka dagen eller gjera den som et for mett til å arbeida hardt. Eit mindre måltid gjer at ein kjem seg i gang, men kanskje må bryta av tidleg for å eta føremiddagsmat.

Tradisjonelt har ein anten laga til ein varmrett tidleg om morgonen eller ete kald mat frå dagen før. Med moderne kjøleskåp og andre kjøkkenmaskinar er det blitt vanlegare med nedkjølte matvarer, som pålegg på brødskiva eller kornblanding med mjølk til frukost.

 
Egyptisk ful medames-frukost blir gjerne seld og eten på gata.

Medan mange et frukost heime kan han også kjøpast av gateseljarar eller ved gatekjøkken, på kafé eller restaurant. I hotell og nokre herskapshus finst eigne frukostrom der ein kan eta frukost.

For nokre høyrer visse media, som morgonavis, radio eller fjernsynsprogram som frukost-tv til måltidet.

Noreg endre

I Noreg har brødskiver har sidan mellomkrigstida erstatta graut og velling til dei to første måltida på dagen. I ei SIFO-undersøking frå 2008 oppgav åtte av ti at dei vanlegvis hadde brød til frukost. I ei tidlegare undersøking frå 2000 hadde 91 % av dei spurde hatt brød til sin siste kvardagsfrukost og 93 % til sin siste helgefrukost. 24 % hadde hatt frukt eller grønsaker, 13 % hadde hatt kornblanding, 11 % hadde hatt jogurt og 4 % hadde hatt snøggmat. Ingen av dei spurde hadde hatt ein varmrett.[3]

Varm frukost endre

Varm frukost kan til dømes vera graut, steikt kjøt eller fisk, kokt eller steikt egg, pannekaker og liknande.

Ein utbreidd type varm frukost er britisk eller engelsk frukost, som finst i ulike utformingar i England, Skottland og Irland. Måltidet er blitt mindre vanleg i britiske heimar i moderne tid, men er til gjengjeld blitt til eit fastlagd måltid som blir servert på hotell og etestader.

Kald frukost endre

Kald frukost kan omfatta ulike typar brød eller kaker, kornblanding, jogurt, ost, oliven og frukt.

Ein utbreidd type kald frukost er «kontinental frukost», ein frukost av fastlandseuropeisk opphav med eit lett bakverk, som croissant eller brioche, med jus og kaffi til. Frukt og/eller jogurt er også vanlege med denne typen frukost.

Kjelder endre

  1. «Breakfast is 'most important meal'», BBC News, 2003 
  2. Dugurd, frukost, morgonmat, morgonmål i Nynorskordboka Arkivert 2014-09-21 ved Wayback Machine.
  3. Annechen Bugge, Randi Lavik og Kjersti Lillebø (2008), Nordmenns brød- og kornvaner - i stabilitet og endring