Fastleikslære er læra om utrekning av spenningar i konstruksjonar med og utan belastning.

Indre kraftlinjer er tettare nær holet, ein vanleg spenningskonsentrasjon.

For å berekne styrken til ein konstruksjonsdel reknar ein mellom anna ut spenningar som opptrer og fastleiken til materialen. I vanlege konstruksjonar må ein unngå plastiske formendringar og brot. Plastiske formendringar spelar ei særleg stor rolle for maskindelar utsette for høge temperaturar, og det vert derfor lagt ned mykje arbeid i å studere eigenskapane til materialane ved høge temperaturar og finne eigna legeringar. Ein kan berre bruke utrekningar med forenkla føresetnader og enkle former. For meir kompliserte former må ein bruke modellforsøk, der ein gjer målingar på ein modell av lekamen. Modellar kan berre brukast når det gjeld deformasjonar. For å finne spenningane må ei nytte andre metodar og den mest brukte er den fotoelastiske

For praktisk bruk må ein alltid halde dei hendande spenningane langt under brotfastleiken. Tilhøvet mellom brotfastleiken og den tillatne spenninga blir kalla tryggleiksfaktoren.

I somme materialar, som kopar og bly, ligg flytegrensa så lågt at det oppstår varige formendringar sjølv ved særs små belastning. Brotfastleiken i materialar som støypejern og betong, er så låg at materialen går sund før det oppstår flyting.

Kjelder endre