Faueldalen naturreservat

Faueldalen naturreservat (òg skreve Fugldalen og Fauldalen) er eit naturreservat i den austre delen av Tromsø kommune. Det omfattar den nedre delen av Fugldalelvas nedbørfelt. I aust grensar reservatet til Lyngsalpan landskapsvernområde, og elles følgjer grensa stort sett Fugldalselvas dalføre, unntatt dei nedste rundt 200 meter før elva munnar ut i Sørfjorden.

Verneformålet er kystnær furuskog med naturleg plante- og dyreliv, knytt til etablering av vegetasjon i ein interessant kvartærgeologi. Deler av grusavsetjingane (sandur, endemorene og sidemorenar) er utan vegetasjon. Næringsrik flora etablerer seg i ein berggrunn av gabbro, amfibolitt og dioritt.[1]

Kjelder endre

69°30′40″N 19°45′18″E / 69.511°N 19.755°E / 69.511; 19.755