Feda kommune
Feda er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke[1][2], oppretta i 1900 og lagt ned i 1962.[1] Området er no del av Kvinesdal kommune.[1]
Kommunen femnde landet på begge sider av Fedafjorden,[2] og hadde same utstrekking som Feda sokn. Kommunesenteret låg i strandstaden Feda der Fedaelva renn ut. Feda var i eldre tid tingstad for bygdene kring, og staden har vore kyrkjestad sidan mellomalderen.[2]
Feda kommune grensa til Flekkefjord og Gyland i nord, Kvinesdal i aust og Lyngdal og Farsund i sør.
Kommunesoge
endreFeda kommune vart skipa 1. januar 1900 ved at Feda sokn var skild ut frå Kvinesdal kommune (som då heitte Liknes) som eigen kommune.[1] Ved opprettinga budde det 1090 personar i kommunen. 1. januar 1963 vart området saman med Fjotland kommune slege saman att med Kvinesdal. Ved nedlegginga budde det 576 personar i kommunen.[1]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 ¨Dag Juvkam. ««Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen»» (PDF). Statistisk sentralbyrå. s. pp. 38-41.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Per Tang (1951). «Feda». I Arnulv Sudman. Norsk Allkunnebok IV. Oslo: Fonna. s. 239-240. [sidetalet viser til kolonnetal (to kolonnar pr. side)]
Bakgrunnsstoff
endre- Ånen Årli (1980). Feda : gards- og slektshistorie. Feda.
- Margit Løyland (1999). Fjordfolk : Fedas historie fra de eldste tider og fram til 1963. Kvinesdal: Kvinesdal kommune. ISBN 8299536006.
- SSB, red. (1962). Folketellingen 1. november 1960 : tellingsresultater : tilbakegående tall : prognoser : : 1038 Feda. 1962: SSB.