Fedaelva er ei elv i Kvinesdal og Flekkefjord kommune i Agder fylke. Elva har kjelder nord for Gyland og renn sørover til ho munnar ut i Fedafjorden ved Feda.

Fedaelva
elv
Fedaelva med båtstø og Helleberget i bakgrunnen.
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommunar Kvinesdal, Flekkefjord
Sideelvar Kjeåna, Netlandsåna, Råna, Skålandsåna
Lengd 34,1[1] km
Middelvassføring 11,3[2] /s
Kjelde Stemtjørn
 - høgd 453 moh.
Munning Fedafjorden ved Feda
Kart
Fedaelva
58°16′32″N 6°49′15″E / 58.275644°N 6.820822°E / 58.275644; 6.820822
Wikimedia Commons: Fedaelva

Løp endre

 
Fedaelva sett frå høgda ved Orresteinen
Foto: C. Hill, 2008

Elva har utspring frå Stemtjørn, sørvest for Krågeland. Ho renn sørover gjennom ein trong og for det meste skogkledd dal ned til Urddalsvatnet, og vidare ned til Gyland. Her blir dalen vidare og flatare, og elva renn i eit meanderløp gjennom jordbruksområda ned mot Kongevollvatnet. Der dannar ho eit elvedelta ved munningen.[3]

Etter Kongevollvatnet, der Fedaelva tek imot fleire sideelvar, renner ho vidare mot sør, først gjennom ei rekkje små, avlange vatn og loner, før ho gjennom Frøytlandsfossen, Høylandsfossen og Holefossen fell ned mot tettstaden Feda. Etter Holefossen renn elva sørover gjennom Feda, og på denne siste strekningen før munningen har elva svært lite fall og inneheld brakkvatn. Elva deler bygda i to, med dei fleste innbyggjarane på solsida. Langs denne delen av elva ligg ei rekkje bustader, sommarhus og dei karakteristiske sjøbuene. I denne delen av Vest-Agder er det lite forskjell i tidvatnet, og dette legg til rette for denne typen sjøbuer med båtparkering.

Elva rann ganske høgt i 2016, og både øydela den gamle brua frå Sørlandske hovedvei og forårsaka at mange båtstøer blei oversvømde, då det blei springflod samtidig.

Vasskraft endre

I 1948 blei Høylandsfossen utbygga til kraftproduksjon og Kongevollvatnet blei regulert som magasin for Høylandsfoss kraftverk. I 2013 blei det gott konsesjon for bygging av Frøytlandsfoss kraftverk, og til å utvida Høylandsfoss kraftverk.[4]

Fiske endre

Fedaelva var tidlegare ei god lakseelv, men fisket blei dårlegare. Tidlegare var elva open for laksefiske i august,[5] men i 2011 stengde fylkesmannen Fedaelva for fiske sidan det ikkje fanst noka fangstrapportering.[6]

Kjelder endre

  1. «NVE Atlas». Vassdrag – Elvenett – Hovedelv. Norges vassdrags- og energidirektorat. Vitja 7. september 2016
  2. «NVE Atlas». Vassdrag – Nedbørfelt – Nedbørfelt til hav. Norges vassdrags- og energidirektorat. Vitja 7. september 2016
  3. elvedelta.no: Fedaelvas utløp i Kongevollvann
  4. «Ny dam i Fedavassdraget». Avisen Agder. 11. oktober 2013. Arkivert frå originalen 11. oktober 2016. Henta 7. september 2016. 
  5. «Forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure, Vest-Agder». lovdata.no. 25. februar 2008. Henta 8. september 2016. 
  6. «Se alle reguleringsforslagene: Storlaksen må settes ut igjen». Avisen Agder. 8. desember 2011. Arkivert frå originalen 11. oktober 2016. Henta 8. september 2016.