Federsee
Federsee er ein myraktig innsjø, delvis overgrodd av siv, nord for Bad Buchau i Oberschwaben sør i Tyskland. Med ein storleik på 33 km² er han ein av dei største innsjøane i Sør-Tyskland. På det djupaste er Federsee berre 2 meter djup.
Federsee | |||
innsjø | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Areal | 33 km² | ||
Største djupn | 2 m | ||
Koordinatar | 48°05′N 9°38′E / 48.083°N 9.633°E | ||
Federsee 48°05′00″N 9°38′00″E / 48.083333333333°N 9.6333333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Federsee |
Innsjøen er eit naturreservat for å verne om fuglane i området. Om lag 265 forskjellige artar held til ved eller nær innsjøen, og 107 av desse hekkar her. Av fugleartane finn ein mellom anna utryddingstruga fuglartar som buskskvett og sivhauk.
I området rundt Federsee er det gjort funn frå steinalderen og bronsealderen, som ein kan sjå på Federsee Museum.
Sidan innsjøen er fullstendig omgjeven av belte med siv og myr er det umogeleg å nå innsjøen direkte. Derfor er det bygd ein 1,5 km lang kai av tre, som leiar ut mot ope vatn. Her er det ein observasjonsplattform og mogeleg å leige båt.
Nærast vatnet ligg landsbyen Tiefenbach. Når innsjøen frys til om vinteren er det mogeleg å gå frå Tiefensee til Bad Buchau over isen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Federsee» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juni 2007.
Bakgrunnsstoff
endre- Federseemuseum
- Naturreservatet i Federsee Arkivert 2014-12-11 ved Wayback Machine.