Feel Da Rush

song frå 2016 med Freddy Kalas
«Feel Da Rush»
Singel av Freddy Kalas
Land Noreg
Språk Engelsk
Utgjeve 2. februar 2016
Lengd 3:02
Selskap Alter Ego Music
Låtskrivar(ar) Fredrik Auke, Simen Auke, Mikkel Christiansen, Trond Opsahl og Christoffer Huse
Kritikk
Freddy Kalas-kronologi 
«Pinne for Sverige»
(2015)
«Feel Da Rush»


«Feel Da Rush», opphavleg «Happy Rush», er ein singel av Freddy Kalas som vart gjeven ut 2. februar 2016.[3] Songen er skriven av Fredrik Auke, Simen Auke, Mikkel Christiansen, Trond Opsahl og Christoffer Huse.[2]

Eurovision

endre

Melodi Grand Prix 2016

endre

«Happy Rush» vart presentert som eit av bidraga i Melodi Grand Prix 2016, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm i Sverige, på ein pressekonferanse hjå Norsk rikskringkasting 19. januar 2016.[4] På pressekonferansen vart det òg kjend at Fredrik Auke, under namnet Freddy Kalas, vil framføre songen, på engelsk.[4] Samstundes vart 15 sekundar av songen offentleggjort på NRK.no.[4] 20. januar vart det kjend at «Happy Rush» var plagiat av Freddy Kalas sin eigen song frå 2011, «Cannabus».[5] Songen vart diskvalifisert, men Freddy Kalas fekk likevel delteke i tevlinga trass i regelbrotet.[5] 21. januar vart det kjend at Freddy Kalas hadde skrive om refrenget, og at den ny versjonen hadde fått tittelen «Feel Da Rush».[6] 2. februar 2016 vart songen gjeven ut i full lengd.[3]

Fotnotar

endre
  1. «- Hadde låta vært et virus, ville WHO umiddelbart slått alarm». Dagbladet. 2. februar 2016. Henta 2. februar 2016. 
  2. 2,0 2,1 «VG anmelder Melodi Grand Prix-låtene». Verdens Gang. 2. februar 2016. Henta 2. februar 2016. 
  3. 3,0 3,1 «Nå kan du høre alle MGP-låtene». Norsk rikskringkasting. 2. februar 2016. Henta 2. februar 2016. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Her er alle artistene i årets MGP». Norsk rikskringkasting. 19. januar 2016. Henta 2. februar 2016. 
  5. 5,0 5,1 «Freddy Kalas får fortsette i MGP». Norsk rikskringkasting. 20. januar 2016. Henta 2. februar 2016. 
  6. «Freddy Kalas får delta i MGP med nytt refreng». Norsk rikskringkasting. 21. januar 2016. Henta 2. februar 2016.