Fefor høyfjellshotell

61°32′1.1″N 9°39′42.4″E / 61.533639°N 9.661778°E / 61.533639; 9.661778

Fefor høyfjellshotel, postkort frå 1924 av Mittet & Co.

Fefor høyfjellshotell er eit hotell som ligg i Nord-Fron kommune i Innlandet. Hotellet vart grunnlagt som høgfjellssanatorium i 1891, og vart i 1905 det fyrste norske høgfjellshotellet for vinterturisme. Det er 230 senger på hotellet, og 20 sjølvbetente hytter med 130 senger.

Kongefamilien hadde årlege opphald her i perioden 1907–1914 med Fridtjof Nansen som skilærar. I 1910 dreiv Robert Scott og Tryggve Gran trening med motorsleder her før sørpolsekspedisjonen.

Kjelder

endre

«Fefor høyfjellshotell» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

endre