Fehmarn Bælt (dansk Femern Bælt) er eit sund mellom den tyske øya Fehmarn og den danske øya Lolland frå Kielbukta til Mecklenburgbukta i vestlege område av Austersjøen. Det går ferjesamband mellom dei to øyane frå Puttgarden til Rødby. Den tyske og danske regjeringa har planar om å byggje ei bru over sundet, men ein er ikkje kome fram til ei løysing enno.

Fehmarn Bælt
sund
Land  Danmark,  Tyskland
Del av Austersjøen, Danish straits
Kart
Fehmarn Bælt
54°34′54″N 11°19′08″E / 54.5816°N 11.31899°E / 54.5816; 11.31899
Wikimedia Commons: Fehmarn Belt
Fehmarn Bælt. Den tyske øya Fehmarn ligg i sør og den danske øya Lolland i nord

Sundet er om lag 9 km breitt med eit djup på 20-30 meter. Straumane i sundet er svake og stort sett avhengig av vind.

Ferje mellom Fehmarn og Lolland