Felice Matteucci

italiensk ingeniør

Felice Matteucci (12. februar 180813. september 1887) var ein italiensk hydraulikkingeniør som er kjent for, saman med Eugenio Barsanti, å ha utvikla ein av dei fyrste motorane med indre forbrenning.

Felice Matteucci

Statsborgarskap Kongedømet Italia
Fødd 12. februar 1808
Lucca
Død

13. september 1887 (79 år)
Capannori

Yrke oppfinnar, sivilingeniør, ingeniør
Felice Matteucci på Commons
Modell av forbrenningsmotoren Matteucci utvikla i samarbeid med Barsanti

Matteucci var fødd i Lucca i Toscana i Italia. Han studerte hydraulikk og mekanikk i Paris og i Firenze. I 1851 råka han Barsanti som var oppteken av å laga ein motor med indre forbrenning. Matteucci fann ideane til Barsanti interessante og dei gjekk saman om å utvikla ein slik motor.[1] Dei to ingeniørane tol til å utvikla ein motor med intern forbrenning og dette samarbeidet heldt fram heilt til Barsanti døydde i 1864. For soga om dette samarbeidet sjå atikkelen Barsanti og Matteucci. Matteucci klarte ikkje å halda fram drifta på eiga hand, så produksjonen vart lagt ned og Matteucci gjekk tilbake til den gamle jobben sin.

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Barsanti e Matteucci, Fondazione Barsanti e Matteucci. (vitja 17/4-2008)