Barsanti og Matteucci

Eugenio Barsanti og Felice Matteucci var to italianske oppfinnarar som tok ut patent på og lage forbrenningsmotorar på 1850-talet.

Det skal ha vore Barsanti som fekk ideen til å laga ein motor då han, i samband med at han underviste ved Collegio San Michele i Volterra, forklarte korleis ei blanding av luft og hydrogen dannar ein eksplosiv gass (knallgass) at han fyrst kom til å tenkja på at ein slik gass kunne nyttast for å driva ein motor. Noko seinare møtte han Felice Matteucci, som arbeidde med hydraulikk og forklarte han om hugskotet sitt. Dei to ingeniørane tok til å utvikla ein motor med intern forbrenning og dette samarbeidet heldt fram heilt til Barsanti døydde i 1864.

Det fyrste patentet endre

Dette var i tida mellom dei to italienske frigjeringskrigane, medan Lombardia var ein sjølvstendig republikk og Storhertugdømmet Toscana framleis var uavhengig. Desse småstatane var ikkje i stand til å innvilga og beskytta patentrettar. Barsanti og Matteucci søkte difor patent i Storbritannia, som på denne tida var ei teknologisk stormakt. Men det britiske patentkontoret synte til at likande framlegg om å nytta energien frigjord ved forbrenning i ein sylinder til å utføra mekanisk arbeid alt var fremma av fleire andre, som Samuel Brown, Wright, William Barnet, Johnston og fleire, og avslo søknaden. Barsanti klaga på denne avgjerda og la vekt på at det ikkje var arbeidsprinsippet, men måten effekten frå forbrenninga vart overførte til mekanisk arbeid på, som var ny. Motoren hadde to vertikale sylindrar, med stempla plasserte i botnen på sylindrane. På stempla var det plassert vertikale tannstenger, som gjekk i inngrep med tannhjul og slik omforma den vertikale rørsla til ei roterande rørsle. Tannhjula dreiv så ein aksling med eit svinghjul med stor tregleiksmoment. Dei fekk innvilga eit britisk patent i 1854.

Dei fyrste motorane endre

Datoen for når den fyrste motoren var ferdig er usikker, men i fylgje [1] laga eit støyperi med namnet Benini ein motor for Barsanti og Matteucci i 1856. Motoren, som hadde to sylindrar og ytte åtte hk, vart installert på Maria Antonia jarnbanestasjon i Firenze i 1856, der han vart nytta for drift av verktøymaskinar [1]. Motoren var ein atmosfæremotor, så det var atmosfæretrykket på eine sida av stemplet som dreiv dette innover i sylinderen når det var undertrykk på hi sida. Tenningssystemet var basert på bruk av ein voltapistol [2]. Det er òg funne rekningar for framstilling av motordelar, frå Pietro Benini til Felice Matteucci, daterte juni 1853 [1].

Forbetringar endre

I 1857 fekk dei innvilga enda eit britisk patent, som tok for seg to forbetringar av motoren [1]. Den eine forbetringa gjekk ut på å plassera to stempel i kvar sylinder og nytta det eine for å fylla sylinderen med brennbar gass og samstundes driva ut eksosen frå den føregåande forbrenninga. Det vart nytta koniske ventilar for å sleppa inn gass frå eit utvendig blandekammer for hydrogen og luft. Som på den tidlegare motoren vart det nytta tannstenger og tannhjul for å konvertera frå lineær til roterande rørsle.

Den andre forbetringa var ein motor med berre ein sylinder, der det vart nytta sleideventilar for å stenga og opna tilførsels- og utblåsingskanalane. Patentet inneheld òg ei skildring av vasskjøling og om bruk av denne typen motor for drift av lokomotiv.

Dei tok òg ut patent i andre industrialiserte land, som Belgia, Frankrike, Russland og Tyskland. Barsanti og Matteucci fekk ein gullmedalje frå Istituto Lombardo Delle Scienze for arbeidet med motoren.

Hybridmotor endre

I 1860 innførte dei ein hybridmotor med to stempel, der det største stemplet utnytta atmosfæretrykket og det andre mindre stemplet utnytta trykket frå forbrenninga direkte. Dette var året etter at Lenoir hadde laga ein motor med intern forbrenning og direkteverkande stempel, som gjekk på lampegass. I patentet frå 1954 var moglegheita for direkteverkande stempel nemnt, men testar med ein slik motor synte at drivstofforbruket var svært høgt (i likheit med motorane til Lenoir hadde heller ikkje desse motorane kompresjon). Det var og eit problem at den eksplosjonsarta forbrenninga av hydrogen-luft-blandinga, som Barsanti og Matteucci nytta, førte til store påkjenningar på motoren. Dei var difor ikkje overtydde om at direkteverkande drift var den beste løysinga og heldt fram med atmosfæredrift [1].

Produksjon endre

Korrespondanse med støyperiet Calegari i Livorno frå 1858 syner at Calegari laga ein motor på 20 hk for Barsanti og Matteucci Men motoren stod ikkje til forventingane, så dei fekk Pietro Benini til å laga ein mindre motor på åtte hk [1].

Den 14. oktober 1959 stifta dei et aksjeselskap som skulle stå for produksjon og sal av motorane [1]. Hovudkontoret vart lagt til via S. Augustin nr 3 i Firenze, medan laboratoriet og fabrikken heldt til ved San Lorenzo-kyrkja.

Barsanti og Matteucci innleia eit samarbeidet med det belgisk støyperiet Cockerill om produksjon av ein motor med ein effekt på fire hk. Det var stor interesse for motoren for bruk i fabrikkar og for framdrift av båtar og dei kommersielle utsiktene såg lovande ut, men i 1864 døydde Barsanti brått av tyfoidfeber. Matteucci klarte ikkje å halda fram drifta på eiga hand, så produksjonen vart lagt ned.

Barsanti og Matteucci-prisen endre

Byen Pietrasanta har oppretta prisen Premio Internazionale Barsanti e Matteucci til ære for Barsanti og Matteucci [3].

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Barsanti e Matteucci, Fondazione Barsanti e Matteucci. (vitja 27/12-2008)
  2. Hütten, H., Motoren - Technik - Praxis - Geschichte, 10. utg., Motorbuch Verlag, 1997.
  3. Premio Internazionale Barsanti e Matteucci, arkivert frå originalen 6. mars 2016, henta 27. desember 2008 

Sjå òg endre