Felix Weingartner

Paul Felix von Weingartner elle Felix Weingartner (2. juni 18637. mai 1942) var ein austerriksk-sveitsisk nyromantisk komponist, dirigent og pianist.

Felix Weingartner

Statsborgarskap Keisardømet Austerrike, Cisleithania, Første østerrikske republikk, Forbundsstaten Østerrike, Det tyske riket
Fødd 2. juni 1863
Zadar
Død

7. mai 1942 (78 år)
Winterthur

Yrke dirigent, klassisk komponist, pianist, musikkforskar, skribent
Språk tysk
Ektefelle Betty Callish, Lucille Marcel, Carmen Studer, Feodora von Dreifus
Felix Weingartner på Commons
Weingartner ca. 1890

Weingartner var fødd i Zara (no Zadar) i Dalmatia i dåverande Austerrike-Ungarn. Familien hans var austerriksk, og flytta til Graz i 1868, då Weingartner var fem. Far hans døydde året etter. Han drog til Leipzig i 1881 for å studera filosofi, men gjekk snart fullstendig over til musikk. I 1883 blei han musikkstudent og blei ein av dei siste elevane til Franz Liszt.

Felix Weingartner blei etterkvart knytt til orkester og operascener i mellom anna Berlin, Wien, München, Hamburg, Boston, Darmstadt og Basel. Frå 1908 til 1927 var han fast dirigent for Wiener Philharmoniker, frå 1927 til 1934 verka han ved symfoniorkesteret i Basel. I 1920 blei han professor ved Franz Liszt-akademiet i Budapest. Han underviste også i ei årrekkje ved Wiener Musikakademie.

Weingartner komponerte operaer, orkesterverk, kammermusikk og songar. Han gav mellom anna ut Über das Dirigieren (1895), Die Symphonie nach Beethoven (1898), Lebenserinnerungen (3 band, 1923–29).

Felix Weingartner var gift fem gonger: Med Marie Juillerat (i 1891), baronesse Feodora von Dreifus (1903), mezzo-sopran Lucille Marcel (1912; døydde 1921), skodespelaren Roxo Betty Kalisch (1922) og Carmen Studer (1931). Han blei sveitsisk statsborgar i 1931.

Weingartner underviste mellom anna dirigentane Paul Sacher, Charles Houdret, Georg Tintner og Josef Krips.

Kjelder endre

  • Felix Weingartner (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 9. juni 2014.

Bakgrunnsstoff endre