Winterthur
Winterthur er ein by i Sveits i kantonen Zürich, 20 km nordaust for Zürich. Kommunen har 101 203 innbyggjarar (2010) og eit areal på 68 km². Byen er den sjette største i landet.
Winterthur | |||
---|---|---|---|
Gamlebyen i Winterthur | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | kantonen Zürich | ||
Distrikt | Winterthur | ||
Språk | tysk | ||
Borgarmeister | Ernst Wohlwend | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
67,93 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
101 203 1 489,8 /km² | ||
Koordinatar | 47°30′0″N 8°45′0″E / 47.50000°N 8.75000°E | ||
Høgd over havet | 439 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 8400 | ||
Nettstad: www.stadt-winterthur.ch |
Winterthur er ein industriby med maskinindustri, kjemisk industri, produksjon av keramiske produkt og bomullstekstil og ein lokomotivfabrikk. Han er sete i Europa for det amerikanske medisinfirmaet Zimmer og for fleire firma i høgteknologibransjen. Byen er eit viktig handels- og finanssenter med hovudkontor for fleire bankar og forsikringsselskap.
Byen har fleire museum med internasjonal rang, som kunstsamlinga Stiftung Oskar Reinhart.
Byen er eit veg- og jernbaneknutepunkt og har felles flyplass med Zürich, Kloten lufthamn. Technikum er den viktigaste tekniske høgskulen i Sveits. Hovudkyrkja St. Laurenz er bygd 1264–1515. Her finst òg eit vakkert rådhus (1781–83).
Region Winterthur er i sterk utvikling. Ifølge statistikarane vil han i dei neste 25 åra oppvise den største folkeveksten i Sveits.
Kjende folk frå Winterthur
endre- Anton Graff (1736–1813), portrettmålar
- Johann Jakob Biedermann (1763–1830), kunstmålar
- Henrik Haggenmacher (1827–1917), sveitisk-fødd ungarsk industrileiar og velgjerar
- Heinrich Wölfflin (1864-1945) kunsthistorikar
- Joan Gamper (1877–1930), fotballpioner og idrettsleiar
- Marlies Bänziger (f. 1960), politikar
- Martin Buser (f. 1958), hundekøyrar, fleire gonger vinnar i Iditarod-løpet
- Mirco Müller (f. 1995), ishockeyspelar
Kjelder
endre«Winterthur» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
endre- http://www.stadt.winterthur.ch – Offisiell nettstad
- http://www.standort-winterthur.ch – Økonomisk utvikling
- http://www.winterthur-tourismus.ch - Turisme
- http://www.musikkollegium.ch – Musikkollegium Winterthur