Graz
Graz (slovensk Gradec) er den nest største byen i Austerrike og hovudstad i delstaten Steiermark. Han har om lag 300 000 innbyggjarar. Det gamle bysenteret er sett opp å UNESCO-lista over verdsarv.
Graz | |||
Gradec | |||
by | |||
Rådhuset i Graz.
| |||
|
|||
Land | Austerrike | ||
---|---|---|---|
Stat | Steiermark | ||
Høgd | 353 m | ||
Areal | 127,57 km² | ||
Folketal | 292 630 (1. januar 2022)[1] | ||
Postnummer | A-801x, A-802x, A-803x, A-804x, A-805x | ||
Retningsnummer | +43 316 | ||
Graz 47°04′15″N 15°26′19″E / 47.070833333333°N 15.438611111111°E | |||
Wikimedia Commons: Graz |
Graz har ei lang historie som universitetsby og har i dag heile seks universitet med til saman 40 000 studentar. Nikola Tesla er mellom dei som har studert i byen.
Det gamle bysenteret i Graz er eitt av dei best bevarte i Europa, og er derfor teke med på UNESCO-lista over verdas kulturarv. Graz var europeisk kulturby i 2003.
Namnet Graz kjem frå det slovenske ordet for borg, grad – Gradec tyder 'lita borg'.