Feltemisjon er elektron som blir sende ut frå overflata av ein elektrisk leiar når dette kjem av innverknad av eit sterkt elektrisk felt. Emisjonen skjer vanlegvis i vakuum, men kan òg oppstå inne i ein isolator. Prosessen skil seg frå andre emisjonsprosessar, som termisk emisjon og fotoelektrisk effekt, ved at elektrona ikkje får nok energi til å bli frigjort frå overflata så lenge dei er inne i leiaren, men først får denne energien i feltet utanfor og difor må trenge gjennom ein potensialbarriere for å sleppe fri.

Kjelder endre