Feng Jing (fødd 15. januar 1985) er ein kinesisk tidlegare turnar. Han vart verdsmeister 2001 i mangekamp og 2006 i lagkamp med Kina.

Feng Jing
Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 15. januar 1985 (39 år)
Xi'an
Idrett turn
Tok del i

Asialeikene 2002, Asialeikene 2006

Feng overraska ved å gå til topps i mangekampen under Turn-VM 2001 i belgiske Gent, ein meisterskap der fleire av dei beste utøvarane frå Kina ikkje tok del. Han kom elles på fjerdeplass i skranke. Fem år seinare deltok han i fire av dei seks øvingane då Kina vann lagtevlinga ved Turn-VM 2006 i Århus. Han vart dessutan femtemann i bøylehest. Feng var også med då Kina vann lagtevlinga i Asialeikane 2006 i Doha.

Kjelder endre

Bakgrunnssstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Feng Jing