Gjeldsfengsel er ein type fengsel for menneske som ikkje kan betala gjelda si. Dei var vanlege til midten av 1800-talet, men er i dag i stor grad avskaffa. Nivået på fridommen fangane fekk i gjeldsfengsel var varierande. Om ein fange hadde tilgang til litt pengar, kunne han kjøpa seg enkelte gode. Nokre stader var det lov å gjera forretningar i fengsel, og ha besøkande over fleire timar. Far til den engelske forfattaren Charles Dickens sat i gjeldsfengsel, og Dickens både skildra og kjempa mot fengselsforma i tekstane sine.[1][2] Den engelske tjuven Jonathan Wild byrja karrieren sin frå eit slikt fengsel.[3]

Frå innsida av eit gjeldsfengsel på 1800-talet i Storbritannia.

Kjelder endre

  1. Charles Dickens Bibliography Arkivert 2010-12-15 ved Wayback Machine. ved charles-dickens.com
  2. Andrews, Arlene B. (October 2012). «Charles Dickens, Social Worker in His Time». Social Work 57 (4): 297–307. PMID 23285830. doi:10.1093/sw/sws010. 
  3. «Wild, Jonathan». 1911 Encyclopædia Britannica. Volume 28. 
  Denne rettsvitskapsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.