Fenresulven (Fenrisulven, norrønt Fenrisulfr) eller Fenre (norrønt Fenrir), òg kjend som Vånagand (norrønt Vánagandr) er i norrøn mytologi ein stor ulv. Fenresulven er son av Loke og Angerboda, og har to sysken; dødsgudinna Hel og Midgardsormen.

Fenresulven på Ledbergsteinen.
Foto: Olof Ekström

Livssoge endre

Fenresulven såg fyrst ut som ein liten hundekvelp, og Odin tok han difor med til Åsgard, der æsene budde. Alle spådomar sa at han kom til å skapa ugreie for æsene. Då dei såg at han voks og vart større og større, ville dei difor binda han.

Fyrst prøvde dei med lekkja Løding, men denne heldt ikkje. Dinest prøvde dei med lekkja Drome, som var dobbelt så kraftig. Det gjekk like dårleg.

 
Ty og Fenresulven av John Bauer (1911)

Då sendte Odin Skirne til nokre dvergar i Svartalvheimen for å få dei til å laga ei lekkje som var sterk nok. Lekkja Gleipne vart laga av seks ting som ingen lenger kan finna: fisken sin pust, kvinneskjegg, fuglane sitt spytt, fjella sine røter, lyden av katteføter og bjørnane sine sener. Difor finst ikkje desse tinga den dag i dag. Gleipne var tynn og mjuk som eit silkesnøre, men sterkare enn alle andre lekkjer.

Nok ein gong måtte æsene lura Fenre. Dei lokka ulven med seg ut på den litle øya Lyngve i sjøen Åmsvartne. Dei sa at om han ikkje greidde å øydeleggja denne lekkja, var han så svak at æsene ikkje hadde grunn til å frykta han. Soleis ville dei i så fall sleppa han fri. Fenre hadde mistanke om at dei prøvde å lura han, og kravde at nokon heldt handa si i kjeften hans. Berre Ty torde dette. Han la høgre hand i kjeften til Fenre. Fenre prøvde å rista seg laus, men lekkja vart berre strammare, og rivna ikkje. Slik mista Ty armen sin.

Fenre glefsa etter dei, men dei stakk eit sverd inn i kjeften på han. Spissen var opp slik at han ikkje kunne bita. Siklet hans vart til elva Vån. Det blei sagt at når Fenresulven kom seg laust, ville Ragnarok ta til.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre