Skirnesmål

(Omdirigert frå Skirne)

Skirnesmål (norrønt Skírnismál) er eit kvad frå den eldre Edda. Diktet handlar om korleis guden Frøy snik seg til å sitja på hovdingsetet Lidskjalv og får auge på jotundottera Gjerd. Sjuk av lengt sender han felagen sin Skirne på friarferd til Gjerd i Jotunheimen.[1]

Skirne og Gjerd i ein illustrasjon av Lorenz Frølich frå 1895.

Skirne prøver først å lokka henne, men trugar henne sidan til å gifta seg med Frøy, og til sist gjev Gjerd etter. Diktet endar med at vennen kjem tilbake frå ferda med denne glade bodskapen, men Frøy tek det tungt: Han må framleis venta fleire dagar på den vene jenta.

KjelderEndra

  1. «Skirnesmål». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 4. april 2019. 

BakgrunnsstoffEndra

Bibliografi
  • Carolyne Larrington, "What Does Woman Want? Mær and munr in Skírnismál," Alvíssmál 1 (1992): 3–16. [1]
  • Heinz Klingenberg, "För Skírnis: Brautwerbungsfahrt eines Werbungshelfers," Alvíssmál 6 (1996): 21–62 (English summary, pp. 59–62). [2]
  • Anatoly Liberman, Review of Klaus von See et al., "Skírnismál": Modell eines Edda-Kommentars, Alvíssmál 6 (1996): 114–18. [3]
  • Anne Heinrichs, "Der liebeskranke Freyr, euhemeristisch entmythisiert," Alvíssmál 7 (1997): 3–36 (English summary, p. 36). [4]
      Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.