Ferdinand von Lindemann

Carl Louis Ferdinand von Lindemann (12. april 18526. mars 1939) var ein tysk matematikar, kjend for beviset sitt frå 1882 at π (pi) er eit transcendent tal, altså at det ikkje er ei rot av noko polynom med rasjonale koeffisientar. Dette gav det endelege svaret på det 2000 år gamle problemet om kvadraturet til sirkelen, nemleg at det ikkje er mogeleg (med passar og linjal) å konstruere eit kvadrat som har like stort flateinnhald som ein viss sirkelflate.

Ferdinand von Lindemann

Carl Louis Ferdinand von Lindemann
FøddCarl Louis Ferdinand
12. april 1852(1852-04-12)
Hannover, Tyskland
Død6. mars 1939 (86 år)
München, Tyskland
BustadTyskland
NasjonalitetTysk
Områdetalteori, matematikk, ikkje-evklidsk geometri
Yrkematematikar, universitetslærar
InstitusjonarLudwig-Maximilians-Universität München
Julius-Maximilian-universitetet i Würzburg
Albert-Ludwigs-Universität
Albertus-Universität Königsberg
Alma materUniversitetet i Göttingen
Ludwig-Maximilians-Universität München
Friedrich-Alexander-Universität Erlangen-Nürnberg
DoktorgradsrettleiarFelix Klein
Kjend forBevise at π er eit transcendentalt tal
MedlemGöttingens vitenskapsakademi
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det bayerske vitskapsakademiet

Han var professor i Königsberg frå 1883 og 1893–1923 i München. Saman med R. F. A. Clebsch gav han ut Vorlesungen über Geometrie i tre bind.

Kjelder

endre

«Carl Louis Ferdinand Lindemann» i Store norske leksikon, snl.no.