Eit fermion er ein partikkel som har halvtalig spinn og difor følgjer pauliprinsippet og oppfyller Fermi-Dirac-statistikken. Elektron, proton og nøytron er fermion. Spinn-statistikk-teoremet gjev at fermion har halvtalig spinn. Ein måte å sjå for seg spinn på, er at partiklar med ½ spinn, det vil seie fermion, må gjere to heile rotasjonar for å returnere til den opphavlege tilstanden sin.

Alle elementærpartiklar er anten fermion eller boson. Partikler som er sett saman av fermion kan anten vere boson (slik som meson) eller fermion (slik som baryon) avhenging av det samanlagte spinnet deira.

Elementærpartiklane som materie består av fermion som anten høyrer til kvarkane (grunnsteinane i proton og nøytron) eller leptona (slik som elektron og nøytrino). Pauliprinsippet for fermion er årsaka til at elektronskala i atom er stabile, noko som gjer kompleks kjemi mogeleg. Det gjer òg at degenerert materie kan vere stabilt under ekstreme trykk.

Sjå ògEndra

KjelderEndra