Festspel
Festspel (frå tysk Festspiele) er ein type kulturfestival som legg vekt på klassisk europeisk kultur, som klassisk musikk, opera, ballett og teater. Han er vanlegvis knytt til ein bestemt stad og tidsrom.[1]
Richard Wagner skipa Festspela i Bayreuth (Bayreuther Festspiele) i 1876. Her har ein sidan framført verka til Wagner i eit eige teater kalla Festspielhaus. Andre kjende festspel er Festspela i Salzburg (Salzburger Festspiele), skipa i 1920, Lucerne Festival skipa i 1939 og Edinburgh International Festival skipa i 1947.[1]
I Noreg er Festspela i Bergen blitt haldne sidan 1953, Festspillene i Nord-Norge sidan 1965[1] og Dei Nynorske Festspela sidan 1992.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Svendsen, Trond Olav (18. mai 2020). «festspill». Store norske leksikon (på norsk bokmål).