Fiji-hindi

(Omdirigert frå Fijiansk hindi)

Fiji-hindi eller fijiansk hindi er eit indo-arisk språk som er morsmålet til 313 000 fijianarar av indisk opphav. Språket blir hovudsakleg tala på Fiji, men òg i utvandrarmiljø andre stader i verda.

Fiji-hindi
Fiji Hindī
फ़ीजी हिन्दी
Klassifisering Indoeuropeisk
 Indoiransk
  Indoarisk
Bruk
Tala i  Fiji
 Australia
 New Zealand
 USA
 Canada
Fiji-hinditalande i alt 380 000 på Fiji[1]
Skriftsystem Det latinske alfabetet og devanagari
Språkkodar
ISO 639-3 hif
Wikipedia på fiji-hindi

Språket skil seg mykje frå standard hindi slik det finst i India, og tilhøvet mellom dei to språka kan samanliknast med det mellom nederlandsk og afrikaans. Fiji-hindi er danna av austlege hindidialekter (bhojpuri og awadhi) med mange engelske og fijianske ord. Det har også ein stillehavsaksent.

I nyare tid, på grunn av politiske omveltingar på Fiji, har mange fiji-indarar emigrert til Australia, New Zealand, USA og Canada og teke fiji-hindi med seg.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre

  Wikipediafiji-hindi

  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.