Indoariske språk

(Omdirigert frå Indo-arisk språk)

Dei indoariske språka er ei undergruppe av dei indoiranske språka (og dermed også av dei indoeuropeiske språka) og blir snakka nord i India, og også i Pakistan, Bangladesh, Nepal, Sri Lanka og på Maldivane, i tillegg til i land som har fått innvandrarar frå desse landa. Dei indoariske språka blir snakka av om lag ein milliard menneske. Blant dei viktigaste indoariske språka er hindi, det nærskylde urdu, bengali, andre indiske språk, og det klassiske språket sanskrit.

Utbreiinga av indoariske språk.
Mahatma Gandhi snakkar hindi/hindustani, eit indoarisk språk.

Dei indoariske språka er ikkje i slekt med dei dravidiske språka, som blir talte i sørlege India, men gjennom langvarig språkkontakt har dei utvikla mange fellestrekk. På grunn av mange folkevandringar og den gjensidige språkkontakta i området, har inndelinga av dei indoariske språka i genetiske undergrupper, og det å setje skilje mellom dei einskilde språka og dialektane, bode på problem.

Dei indoariske språka er i stor grad analytiske. Den grunnleggjande ordrekkefølgja i alle språka er subjekt–objekt–verb. Det mest karakteristiske draget fonologisk sett er det store talet plosivar. Fleire av dagens indoariske språk nyttar ei rekkje ord som er lånt inn direkte frå sanskrit.

Tilhøvet til andre språk

endre

Den indoeuropeiske språkfamilien

endre
 
William Jones bidrog til oppdaginga av den indoariske språkfamilien.

Dei indoariske språka utgjer ei undergrein av dei indoeuropeiske språka, som òg dei fleste språk i Europa høyrer til. Andre greiner er for eksempel gresk, romanske språk, slaviske språk og germanske språk. Dei indoariske språka er dermed òg fjernt i slekt med norsk. Denne slektskapen viser seg òg ved første augnekast hos nokre få ord i dei moderne språka. Ordet for «namn» er på bengali nam, hindiordet for «ny» er naya og «ku» heiter på marathi gau. I andre tilfelle som «hjul» og nepali cakkā kan ein berre vise det felles opphavet ved hjelp av kompliserte etymologiar. For størstedelen av ordforrådet og framfor all grammatikken i dei moderne indoariske språka kan ein likevel knapt finne likskap i dagens europeiske språk. Mellom klassiske språk, som sanskrit og latin eller klassisk gresk, er samsvara derimot større, både når det gjeld ordforrådet og morfologien. Ein kan for eksempel jamføre former som sanskrit dantam og latin dentem «tann» (akkusativ), eller sanskrit abharan og klassisk gresk epheron «dei bar».

Oppdaginga av at sanskrit var i slekt med språk i Europa, var tonegjevande for utviklinga av den komparative lingvistikken. Engelskmannen William Jones hadde lært seg sanskrit i løpet av si tid som dommar i Calcutta, og postulerte i 1786 som første person at sanskrit var i slekt med gresk, latin, gotiske og keltiske språk. På dette grunnlaget grunnla den tyske språkforskaren Franz Bopp (1791–1867) den komparative indoeuropeiske språkforskinga. At dei moderne indoariske språka var i slekt med sanskrit kom ein på først seinare, men ein skaut då òg over mål og sa at òg dei dravidiske språka stamma frå sanskrit.[1] Først i 1856 fastslo Robert Caldwell at dei dravidiske språka utgjer ein sjølvstendig språkfamilie.

Den indoiranske språkgreina

endre

Innan dei indoeuropeiske språka står dei indoariske språka nær dei iranske språka, som blant annan persisk, kurdisk og pashto høyrer til. Sjølv her viser slektskapen seg tydelegast i dei eldste språkformene: i urpersisk, dei akemenidiske språka og sanskrit er ord som daiva og deva «gud», bumi og bhumi «jord» og aspa og asva «hest» nesten like, mens dei moderne språka har skilt seg frå kvarandre. Dei indoariske og iranske språka dannar til saman den indoiranske språkgreina. Som ei sjølvstendig undergrein av desse reknar ein den vesle gruppa nuristanispråk, som blir talt i Afghanistan og Pakistan. Dei dardiske språka, som òg blir talte i den nordvestlege delen av Sør-Asia, har ei usikker stilling innan dei indoiranske språka. Dei blei tidlegare rekna saman med nuristanispråka eller halde for ei sjølvstendig grein, men blir no sett på som ei undergruppe av dei indoariske språka.

Sørasiatisk språkbunt

endre

Dei indoariske språka deler det indiske subkontinentet med tre andre språkfamiliar: dei dravidiske språka (dersom viktigaste medlemmer er tamilsk, malayalam, telugu og kannada), som hovudsakleg er utbreidde i det sørlege India; den mindre gruppa mundaspråk (ei grein av dei austroasiatiske språka) i midtre India og dei tibetoburmanske språka (ei grein av dei sinotibetanske språka) ved den nordlege og austlege grensa til subkontinentet. Dei indoariske språka er ikkje genetisk skylde med desse språkfamiliane, men dei har gjennom tusenårlang språkkontakt hatt stor gjensidig påverknad på kvarandre i ordforråd, morfologi og fonetikk (spesielt karakteristisk er kanskje dei retroflekse konsonantane). På grunn av dei talrike fellestrekka kan ein samanføre desse språka i ein sørasiatisk språkbunt. Framfor alt har det vore ein sterk vekselverknad av lånord mellom dei indoariske og dravidiske språka. Dei dravidiske språka har teke over mange ord frå sanskrit, mens dei sjølv har hatt ein sterk strukturell innverknad på fonetikken og syntaksen til dei indoariske språka.

Historikk

endre
For meir om dette emnet, sjå Indoarisk språkhistorie.

Dei indoariske språka har ei historie på nesten fire tusen år. Ein deler den inn i tre historiske stadium: Urindoarisk (vedisk, klassisk sanskrit), mellomindoarisk (prakritspråk, pali, apabhramsha) og nyindoarisk (dei indoariske språka som blir snakka frå cirka år 1000 til i dag).

Språkgeografi

endre
For meir om dette emnet, sjå Indoarisk språkgeografi.
 
Dei ulike gruppene av indoariske språk.

Det hovudsaklege utbreiingsområdet for dagens indoariske språk omfattar den nordlege delen av den indiske halvøya omtrent frå Indus i vest til Assam i aust, og frå Himalaya i nord til omtrent 18. breiddegrad i sør. Dei indoariske språka er den største språkgruppa i Sør-Asia. 15 av 22 offisielle språk i India er indoariske, og tre av fire indarar har eit indoarisk språk som morsmål.[2] Også i Pakistan, Bangladesh, Nepal, Sri Lanka og på Maldivane er eit indoarisk språk statsspråk. Utbreiingsområdet omfattar altså òg store område utanfor India, men på den andre sida omfattar dei ikkje dei områda i sørlege India der det i staden blir snakka dravidiske språk.

Klassifisering

endre
For meir om dette emnet, sjå Klassifisering av indoariske språk.

Følgjande strukturdiagram attgjev nyindoariskens hovudgreiner med dei viktigaste språka. For ei nærare drøfting av klassifiseringa, sjå hovudartikkelen.

Lydlære

endre
For meir om dette emnet, sjå Indoarisk lydlære.

Fonembestanden til dei indoariske språka har halde seg ganske stabil i løpet av dei forskjellige språkstadia. Karakteristiske lydar, som dei retroflekse og aspirerte konsonantane, finst både i ur- og mellomindoarisk, såvel som i nesten alle nyindoariske språk. Derimot har det vore store endringar i fordelinga av lydane i orda gjennom dei ulike språkstadia.

Morfologi

endre
For meir om dette emnet, sjå Indoiransk morfologi.

Morfologien i indoariske språk har gått gjennom grunnleggjande endringar i løpet av utviklinga si. Det urindoariske sanskrit var eit i høg grad syntetisk og flekterande språk med ei komplisert formlære, ikkje ulik latin og klassisk gresk. I løpet av utviklinga av dei mellomindoariske språka skjedde ei tydeleg forenkling av formdanninga. Dei nyindoariske språka har gått over til ein vidtgåande analytisk språkstruktur med agglutinerande innslag. Språktypologisk er dei indoariske språka sterkt påverka av dei dravidiske nabospråka sine.

Syntaks

endre

Den normale grunnleggjande ordrekkefølgja i alle språkstadium av indoarisk er SOV-språk|subjekt–objekt–verb (SOV). I sanskrit kan denne rekkjefølgja variere ganske fritt, men i dei nyindoariske språka er ordrekkefølgja fastare bestemt. Berre ved spesiell betoning kan eit setningsledd stillast bak verbet. Dei indoariske språka deler òg dei andre lingvistisk typologiske kjenneteikna som er karakteristiske for SOV-språk: Dei bruker postposisjonar i staden for preposisjonar (for eksempel sanskrit ramena saha «med Rama») og set det bestemmande elementet framføre det bestemte. Det inneber at attributt kjem framfor hovudorda sine, og leddsetningar kjem framfor hovudsetningar. Eksempel på SOV-rekkjefølgja med interlinear omsetjing:[3]

maĩ tum ko ye kitab deta hug~
Eg deg denne bok gjevande er

Hindi: «Eg gjev deg denne boka.»

āmi ei amgula nutan bazar theke enechi
Eg desse mangoar ny marknad frå tok med

Bengali: «Eg tok med desse mangoane frå den nye marknaden.»

guru-varayā maṭa iskoledi siṃhala akuru igennuva
Lærer>+honorificum meg mens-på-skolen singalesisk skrift lærte

Singalesisk: «Læraren lærte meg singalesisk skrift då eg gjekk på skolen.»

Allereie i klassisk sanskrit føretrekte ein å uttrykkje ein sats i fortid gjennom ein passivkonstruksjon med perfektum partisipp passivum, der den handlande personen står i instrumentalis (for eksempel bālena kanyā dr̥ṣṭā ordrett «jenta (er) sedd av guten» i staden for bālaḥ kanyām apaśyat «guten såg jenta»). Denne konstruksjonen blir utvida til intrasitive verb (for eksempel maya suptam ordrett «det blei av meg sove» for «eg sov»). I dei nyindoariske språka har det blitt utvikla ein ergativliknande konstruksjon frå dette. Karakteristisk for denne er at i transitive satsar i fortid tek subjektet ei spesiell form, som blir kalla som agentiv, mens det vide intransitive verbet og i notidssatsar står i grunnforma. Jamfør følgjande eksempelsatsar frå hindi:

laṛka kitab kharidta hai
gut bok lessande er

«Guten les boka.»

laṛke ne kitab kharidi
gut (agentiv) bok lest>

«Guten las boka.»

Ordforråd

endre

Den indre grammatikken deler inn ordforråd til dei moderne indoariske språka i fire kategoriar, som blir omtala med sanskritnamn:

  • tadbhava («[det vil seie frå eit sanskritord] oppstått»): arveord frå urindoarisk
  • tatsama («det same som det [det vil seie eit sanskritord]»): direkte lån frå sanskrit
  • desya («lokal»): ord utan tilsvar i sanskrit
  • videsi («framande»): lånord frå ikkje-indiske språk

Arveord

endre

Kjernen i det nyindoariske ordforrådet blir utgjord av tadbhava-orda, som har blitt henta på naturleg måte frå urindoarisk over mellomstadiet, dei mellomindoariske prakritspråka, og dermed har endar form gjennom ei rekkje lydendringar. Slik går hindiordet khet («åker») via prakrit khetta tilbake til sanskrit kṣetra. Visse ord som deva ('gud') eller nama ('namn') hadde allereie i urindoarisk ei så enkel form at dei ikkje gjennomgjekk vidare endring. Tadbhava-ord kan opphavleg ha eit ikkje-indoeuropeisk opphav, då det allereie i sanskrit fanst lånord frå dravidiske språk og mundaspråk.

Samanlikning av nokre indoariske ord[4]

Språk Hand Tann Øyre Gjere Drikke Høyre
Sanskrit hasta danta karṇa kar- pib- śṛn-
Hindi hath då~t kan kar- pi- sun-
Bengali hat då~t kan kɔr- pi- ʃon-
Panjabi hatth dand kann kar- pi- suṇ-
Marathi hat dat kan kar- pi- aik-
Gujarati hath då~t kan kar- pi- sā̃bhaḷ-
Oriya hātɔ dāntɔ kānɔ kɔr- pi- suṇ-
Sindhi hathu ɗandu kanu kar- pi- suṇ-
Assamesisk hat då~t kan kɔr- pi- xun-
Nepali hat då~t kan gar- piu- sun-
Kasjmiri athɨ dad kan kar- Co.- buz
Singalesisk ata data kaṇa kara- bu-, bi- ähe-
Romani vassa dand kan ker- pi- sun-

Sanskritismar

endre

Ord som har blitt lånt inn i uendra form (eller snarare uendra skrivemåte) direkte frå sanskrit, blir kalla tatsamas. Uttalen kan dermed avvike heilt; skilnadene mellom bestemte lydar som s og blir oftast ikkje oppretthalde lengre, i hindi og marathi fell ofte kort a bort i slutten av ord, og i bengali blir konsonantsamlingar assimilerte. Dermed blir tatsama-ordet ātmahatyā ('sjølvmord') på hindi uttalt [aːtmʌhʌtjaː], men på bengali [ãttohɔtta]. I singalesisk blir ord rekna som blir overteke frå pali – som på grunn av at det er språk til den buddhistiske kanonen har ei like viktig rolle som sanskrit – som tatsama-ord. Delvis finst dublettar av tadbhava- og tatsama-ord, der tatwsama-ordet då oftast har ei spesialisert tyding.

I dei moderne indoariske litteraturspråka (forutan slike som urdu, som er påverka av muslimsk kultur) har bruken av sanskritord blitt svært frekvent. Framfor alt i det høgare ordforråd til registeret finst det mange sanskritismar, likt måten latinske og greske lånord har blitt brukt i dei europeiske språka. Nasjonalistiske krinsar fremjar bruk av sanskritord som eit symbol for politisk hinduisme,[5] og freistar å etablere sanskritnyord i skriftspråket sjølv for nyare omgrep som «elektrisitet». I kvardagsspråket blir det gjerne heller brukt engelske lånord enn nylaga ord frå sanskrit.

Lånord

endre

Til desya-orda reknar ein ord utan parallellar i sanskrit. Til desse høyrer ord som har blitt arva frå urindiske dialektar, som manglar i sanskrit, og lånord frå dravidiske språk og mundaspråk. Dertil kjem i nyindoariske språk eit større tqal lånord som blir henta frå ikkje-indiske språk, framfor alt persisk, arabisk, portugisisk og engelsk, som den indiske grammatikken reknar til videsi-kategorien.

Under det rundt åtte hundre år lange islamske herredømmet i nordlege India var hoffspråk til den persiske overklassa. Så kom mange persiske, og via persisk formidling òg arabiske, ord inn i dei indoariske språka. For urdu, språket til dei indiske muslimane, overtek persisk-arabisk ei liknande rolle som ordkjelde som sanskrit har for dei språka som for det meste blir talt av hinduar. Dermed er det mange ord av persisk-arabisk avstamming i urdu, men få i språk som nepali, assamesisk og singalesisk, som ikkje har hatt nokon muslimsk innverknad.[6]

Ein høvesvis liten del av lånorda kjem frå portugisisk, som dei indiske språka kom i kontakt med frå 1500-talet gjennom europeiske sjøfararar. Frå portugisisk har ord som chave for «nøkkel» (hindi cabhi, marathi cavi), janela for «vindauge>» (hindi jangla, bengali janala, singalesisk janelaya) og mestre for «handverk» (hindi mistri, marathi mestri) kome til. Sidan den britiske kolonitida har dei òg komne mange lånord frå engelsk. Framfor alt moderne omgrep som «hotell» (hoṭal), «billett» (ṭikaṭ, frå ticket) og «sykkel» (saikil, frå cycle) har blitt tekne opp frå engelsk.

Skriftsystem

endre

Dei indoariske språka blir skrivne med fleire forskjellige skriftsystem: ulike indiske skriftar, den persisk-arabiske skrifta, og i enkelte tilfelle det latinske alfabetet. Divehi, språket på Maldivane, har ei heilt eiga skrift som blir kalla thaana, som blei utforma på 1400-talet med det arabiske alfabetet som førebilete.

Indiske skrifter

endre
 
Hinduisk mantra på sanskrit skriven med devanagariskrift.

Dei fleste skriftar som blir brukte for indoariske språk høyrer til, lik sørindiske, søraustasiatiske og tibetiske skrifter, familien indiske skriftsystem, som alle stammer frå brahmiskrift. Brahmiskrifta framtrer for første gong i keisar Asjoka sine innskrifter frå 200-talet f.Kr. Ein reknar det som sannsynleg at brahmi blei utforma med det arameiske alfabetet som førebilete. Tesen om at skrifta stammar frå indusskrifta blir forkasta av vestlege forskarar, men er populær i India.[7] I løpet av historia har brahmiskrifta blitt oppdelt i mange regionale variantar, som grafisk kan skilje seg ganske sterkt frå kvarandre. Strukturelt er dei likevel svært likarta, og deler alle same funksjonsprinsipp. Det dreiar seg om ei mellomform mellom alfabet og stavingsskrift – såkalla abugida – der kvart konsonantteikn har ein innebuande vokal a, som kan modifiserast ved hjelp av diakritiske teikn. Konsonantsambindingar blir uttrykte gjennom ligaturar. Ordningsrekkjefølgja til teikna i dei indiske skriftsystema er ikkje tilfeldig som i det latinske alfabetet, men speglar fonologien til dei indoariske språka. Bokstavane blir ordna på følgjande måte:

  • Vokalar (a, ā, i, ī, u, ū, r̥, r̥̄, l̥, e, ai, o, au)
  • Plosivar og nasalar etter artikulasjonsstad frå bakre til fremre
    • Velarar (ka, kha, ga, gha, ṅa)
    • Palatalar (ca, cha, ja, jha, ña)
    • Retrofleksar (ṭa, ṭha, ḍa, ḍha, ṇa)
    • Dentalar (ta, tha, då, dha, na)
    • Labialar (pa, pha, bad, bha, ma)
  • Halvvokalar (ya, ra la, va.)
  • Sibilantar og aspirantar (śa, ṣa, sa, ha)

Teiknoppsettet er vesentleg det same i dei ulike skriftene. Nokre skrifter har eit spesielt teikn for det retroflekse , og andre spesialteikn kan dannast med ein understilt prikk.

Følgjande indiske skrifter blir brukte for indoariske språk (som eksempel blir den første konsonantrada melde ka, kha, gav, gha, ṅa):

Skrift Språk Døme
Devanagari Hindi, bihari, rajasthani, marathi, nepali  
Bengalsk skrift Bengali, assamesisk, bishnupriya manipuri  
Gurmukhi Panjabi  
Gujaratiskrift Gujarati  
Oriyaskrift Oriya  
Singalesisk skrift Singalesisk  

Sanskrit blei tradisjonelt skrive med regionalspråka sine skrifter, men i dag har devanagari slått gjennom som standardskrift for sanskrittekstar. For visse språk blir fleire skrifter brukte parallelt. Kasjmiri blir skrive i Pakistan med persisk-arabisk skrift, og i India med devanagari. For panjabi finst tre skriftsystem: det persisk-arabiske i Pakistan, gurmukhi blant sikhar og devanagari blant hinduar.

Persisk-arabisk skrift

endre
 
Urdudikt av Mirza Ghalib i nastaliqskrift.

Urdu, språket til mange indiske muslimar, blir lik dei andre indoariske språka som blir brukte i Pakistan (sindhi, panjabi, kasjmiri) skrive med den persisk-arabiske skrifta. Det arabiske alfabetet er ikkje veldig godt tilpassa for å gjengi indoariske språk. For det første blir ikkje uttrykt korte vokalar, og blant dei lange vokalane blir det gjort ingen forskjell mellom u, o og au. I arabiske lånord finst redundante bokstavar som blir uttalte likt (for eksempel blir sin, sad og tha alle uttalt som s). For andre lydar i indoariske språk finst det opphavleg ikkje noko teikn i den arabiske skrifta, slik at nye bokstavar har blitt danna ved hjelp av diakritiske teikn (for eksempel ٹ ṭ, ڈ, ḍ og ڑ ṛ for dei retroflekse lydane i urdu). Ved danninga av desse spesialteiknar er det forskjellar mellom alfabeta til urdu og sindhi, mens panjabi og kasjmiri orienterer seg mot urdu-ortografien. Sindhi bruker òg eigne spesialteikn for dei aspirerte konsonantane, mens dei i urdu blir uttrykt ved å kombinere dei uaspirerte konsonantane med h. Dessutan skil urdu seg ut ved å bruke den kursive nastaliqskrifta, mens sindhi fortrinnsvis blir skrive med den enklare naskh.

Det latinske alfabetet

endre

Dei einaste indoariske språka som regelmessig blir skrive med det latinske alfabetet er konkani og romani. For konkani, språket i Goa, blei det på 1500-talet utvikla ein ortografi basert på portugisisk. Konkani blir også skrive med devanagari. For kalasha, eit lenge skriftlaust. språk, blir det latinske alfabetet no brukt i skoleundervisninga.

I vitskapleg kontekst blir det brukt latinsk translitenrasjon. Den mest brukte standarden er International Alphabet og Sanskrit Transliteration (IAST). I framstillinga av konsonantar orienterer det seg mot lydverdien til bokstavane i engelsk, der y blir brukt for [j]. Aspirerte konsonantar blir uttrykte gjennom digrafar som kh, th., osv. Andre lydar som ikkje har tilsvarande bokstavar i det latinske alfabetet, blir uttrykte i IAST med diakritiske teikn, som makron for lange vokalar og understilte prikkar for retroflekse lydar.

Liste over indoariske språk

endre
Assamesisk Oriya (Braj) Bengali Pali (Maithili)
Bihari Punjabi (Marwari) Dhivehi Romani (Pahari)
Dogri Sanskrit, vedisk (Radjasthani) Gujarati Sindhi (Siraiki)
Hindi Singhalesisk Konkani Urdu
Marathi (Awadhi) Nepali (Bhojpuri)

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Colin P. Masica: The Indo-Aryan Languages, Cambridge 1991, s. 3
  2. Census of India: Family-wise grouping of the 114 scheduled and non-scheduled languages – 1991 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 6. juni 2007, henta 31. januar 2009 
  3. Eksempelet er frå Bloch: Indo-Aryan, s. 307
  4. Eksempla er frå Masica: The Indo-Aryan languages, s. 85
  5. Berger: Die Vielfalt der indischen Sprachen, s. 102
  6. Masica: The Indo-Aryan Languages, s. 71
  7. Masica: The Indo-Aryan Languages, s. 133 f.

Litteratur

endre
  • Berger, Hermann (1995) Die Vielfalt der indischen Sprachen (red. Dietmar Rothermund) – München (tysk).
  • Bloch, Jules (1995) Indo-Aryan. From the Vedas to modern times. – Paris (engelsk).
  • Cardona, George (1990) Indo-Aryan Languages (red. Bernard Comrie) – London (engelsk).
  • Cardona, George og Dhanesh Jain (red.) (2003) The Indo-Aryan Languages – London (engelsk). ISBN 0-7007-1130-9.
  • Masica, Colin P. (1991) The Indo-Aryan Languages. – Cambridge (engelsk). ISBN 0-521-29944-6.
  • Zograph, Georgij A. (1982) Die Sprachen Südasiens – Leipzig (tysk).

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Indoariske språk