Filipino
Filipino (tidlegare pilipino) er offisielt språk på Filippinane saman med engelsk. Filipino er eit austronesisk språk som hovudsakleg byggjer på tagalog. Lingvistisk er det ein standardisert versjon av tagalog, men de jure er filipino eit separat språk.
Filipino | ||
Klassifisering | Austronesisk Malayopolynesisk Borneofilippinsk Mesofilippinsk Sentralt filippinsk Tagalog Filipino | |
Bruk | ||
Tala i | Filippinane | |
Filipinotalande i alt | 25 millionar (2007), som tagalog[1] | |
Normert av | Komisyon sa Wikang Filipino | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | fil | |
ISO 639-3 | fil |
Historie
endreDen første filippinske nasjonalforsamlinga oppretta 13. november 1937 ein komité med sju medlemmer som representerte dei ulike regionane i landet. Denne hadde som oppgåve å finna fram til eit nasjonalspråk. Komiteen valde å basera dette på det dominerande språket i landet, tagalog. 30. desember 1937 proklamerte president Manuel L. Quezon at tagalog skulle vera det nasjonale språket eller wikang pambansâ på Filippinene. Dette blei gjort offentleg då Filippinene fekk sjølvstende att frå USA 4. juli 1946.
I 1961 fekk språket namnet «pilipino», som seinare blei endra til «filipino» i 1987. I den filippinske grunnloven av 1987 blei språket anerkjend som nasjonalspråk og definert som offentleg språk saman med engelsk.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Filippinsk» frå Wikipedia på bokmål, den 4. februar 2013.