Fra Filippo Lippi

(Omdirigert frå Filippo Lippi)

Fra Filippo Lippi (14068. oktober 1469) eller Lippo Lippi var ein italiensk renessansemålar som høyrde til Quattrocento-rørsla.

Fra Filippo Lippi
Lippi z13.jpg
Fødd 1406
Firenze
Død

8. oktober 1469 (juliansk)
Spoleto

Yrke kunstmålar
Fra Filippo Lippi på Commons
Sjølvportrett av Filippo Lippi frå 'Kroninga av Jomfrua' Incoronazione della Vergine frå 1440-åra.

LivEndra

Lippi var fødd i Firenze. Han gjekk inn i karmelittfellesskapen fra Carmine i 1420, men forlét klosteret i 1432. Han førte eit omflakkande liv, ifølgje kunsthistorikaren Giorgio Vasari med mange eventyrlege opplevingar som ikkje er underbygde av anna dokumentasjon.

 
La Lippina, «Madonna med to englar», skal ha hatt Lucrezia Buti som modell.

I 1456 blei han kapellan ved Santa Margherita-klosteret i Prato. Her hadde han eit tilhøve til nonna Lucrezia Buti, som han bortførte og fekk sonen Filippino med. Også sonen blei målar. Lippi døydde i Spoleto.

VerkEndra

Dei tidlege verka til Filippo Lippi er prega av innverknad frå Fra Angelico. Til desse høyrer stemningsbetonte bilde av Madonna som tilber jesusbarnet ute i naturen. Kunstverka til Lippi følgde tradisjonen etter Masaccio, men tilførte det «nordlege» element som realisme og fargehandsaming. Han plasserte dei kristne helgenane utan glorie i eit samtidig miljø. Bilda hans har nøyaktige perspektiv og er svært detaljrike. Bibelske motiv blei etterkvart brukt til å framstilla verdsleg prakt.

I åra 1465 til 1467 studerte Sandro Botticelli under fra Filippo Lippi.

I sine siste leveår smykka Lippi koret i domkyrkja i Spoleto med fresker over Marias liv (1467–69), eit kunstnarleg høgdepunkt.

BiletdømeEndra

KjelderEndra