1940-filmen Pinocchio

(Omdirigert frå Filmen Pinocchio (1940))

Pinocchio er ein amerikansk animert film frå 1940, laga av Walt Disney Productions. Filmen bygde på romanen Pinocchio av Carlo Collodi (1826–1890).

Pinocchio
RegiBen Sharpsteen, Hamilton Luske, Norm Ferguson, T. Hee, Wilfred Jackson, Jack Kinney, Bill Roberts Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Walt Disney, Walt Disney Sjå dette på Wikidata
ManusAurelius Battaglia, Ted Sears, William Cottrell, Otto Englander, Erdman Penner, Webb Smith, Joseph Sabo Sjå dette på Wikidata
Basert påPinocchio av Carlo Collodi
Stemme­skodespelarDick Jones, Cliff Edwards, Christian Rub, Charles Judels, Walter Catlett, Evelyn Venable, Frankie Darro, Don Brodie, Jack Mercer, Mel Blanc, Marion Darlington, Patricia Page Sjå dette på Wikidata
MusikkPaul Smith, Leigh Harline Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapThe Walt Disney Company Sjå dette på Wikidata
DistributørRKO Pictures, Disney+ Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato23. februar 1940 (USA)
Lengd88 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandUSA Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Inntening84 254 167 US-dollar (USA),[1] 121 892 045 US-dollar (verdsfemnande)[2]
Sjangerfantasyfilm, buddy-film, filmmusikal, oppvekstforteljing, filmar som byggjer på litterære verk, filmsaga Sjå dette på Wikidata

Filmen hadde premiere tre år etter Snehvit og de syv dvergene, og var den andre animerte langfilmen frå Walt Disney Company.[3] Han er rekna som den andre av Disney-klassikarane. Filmen er blitt sloppen igjen for kinovising i 1945, 1954, 1962, 1971, 1978, 1984, og 1992. Han kom ut på video som VHS i 1985, 1986, og 1993, og digitalt reinska for utgjeving på DVD den 10. mars 2009.

Handling

endre
 
Den levande tredokka Pinocchio. Bilde frå filmtraileren.
 
Jiminy Cricket, eller Timmy Gresshoppe.

Den snille dokkemakaren Geppetto ønsker seg ein son av heile sitt hjarte. Ein dag lagar han ei tredokke som han kallar Pinocchio. Ei god fe dukkar opp og vekkar dokka til liv. Fea lover Pinocchio at han vil bli ein ekte gut om han viser at han er modig, ærleg og usjølvisk. Til å hjelpa seg i livet har han ei talande grashoppe, Timmy. Ein dag blir Pinocchio kidnappa og utnytta på teater for at den vonde Stromboli skal tena pengar. Pinocchio rømmer, og må klara seg på eiga hand. Etter at han har møtt fleire farer ønsker Geppetto at Pinocchio skal bli ein ekte gut. Fea tek for seg Pinocchio sine eigenskapar og forvandlar han til slutt til ein menneskegut.

Rolleliste (stemmer)

endre
Roller Engelske stemmer Norske stemmer
Pinocchio Dickie Jones Gaute Skjegstad
Timmi Gresshoppe Cliff Edwards Øivind Blunck
Geppetto Christian Rub Helge Winther-Larsen
Mikkel From Walter Catlett Per Christian Ellefsen
Stromboli Charles Judels Ivar Nørve
Vognmannen Charles Judels Harald Mæle
Ønskeféen Evelyn Venable Unn Vibeke Hol
Umulius Frankie Darro Bernhard Arnø
Alexander Dickie Jones Eirik Espolin Johnson

Songar

endre

Songane i filmen blei skrivne av Leigh Harline og Ned Washington.

  1. «When You Wish upon a Star» - Cliff Edwards - 3:16
  2. «Little Wooden Head» - Christian Rub - 05:45
  3. «Give a Little Whistle» - Cliff Edwards og Dickie Jones - 1:38
  4. «Hi Diddle Dee Dee» - Walter Catlett - 1:40
  5. «I've Got no Strings» - Dickie Jones og Patricia Page - 2:23
  6. «Hi-Diddle-Dee-Dee (Reprise)» - Walter Catlett - 00:22
  7. «When You Wish upon a Star (Reprise)» - Cliff Edwards og Chorus - 01:27

Kjelder

endre
  1. http://boxofficemojo.com/movies/?id=pinocchio.htm; vitjingsdato: 26. mars 2014.
  2. https://www.boxofficemojo.com/title/tt0032910/; Box Office Mojo; vitjingsdato: 19. mai 2022.
  3. Andreas Ziegler (20. desember 2009). «Disneytips för julen» (på svensk). Epoch Times. Henta 9. august 2016. 
Fotnotar

Bakgrunnsstoff

endre