Opna hovudmenyen
Ei DVD-plate

DVD er eit digitalt lagringsmedium som vert brukt til lagring og avspeling av film med høg video- og lydkvalitet og til lagring av data. DVD har i stor grad teke over for VHS-kassetten. DVD er ei optisk plate som ser ut som ei CD-plate, men som har langt større lagringskapasitet. Ei DVD-plate kan normalt lagre opptil om lag 8 gigabyte med data, mot opptil 800 megabyte på ein CD.

Kvaliteten på både lyd og bilete er kraftig forbetra frå vanleg video og TV.

For å spele av ei slik plate må ein ha ein DVD-spelar. Desse kan kjøpast både til TV og PC.

HistorieEndra

I byrjinga av 1990-åra var det to optiske lagringsstandardar under utvikling; den eine var Multimedia Compact Disc (MMCD), støtta av Philips og Sony, og den andre var Super Disc (SD), støtta av Toshiba, Time-Warner, Matsushita Electric, Hitachi, Mitsubishi Electric, Pioneer, Thomson og JVC. IBM jobba for å samle dei ulike selskapa bak éin enkelt standard, i frykt for at den kostbare krigen mellom VHS og Betamax i 1980-åra ville gjenta seg. Resultatet var DVD-formatet, kunngjort i september 1995. Den offisielle DVD-spesifikasjonen vart gjeven ut i versjon 1.0 i september 1996. Han vert forvalta av DVD Forum, tidlegare kjent som DVD Consortium, samansett av dei 10 opphavlege selskapa og over 220 andre medlemer. Dei første DVD-spelarane og -platene var tilgjengelege i november 1996 i Japan og i mars 1997 i USA.

«DVD» var opphavleg ei forkorting for digital video disc; nokre medlemer av DVD Forum meinte at det skulle stå for digital versatile disc for å streke under bruken utover video. Toshiba, som driftar den offisielle DVD Forum-nettstaden, nyttar framleis denne ordlyden. Medlemene i DVD Forum har aldri vorte samde om kva som er det rette, og det offisielle namnet på formatet er såleis «DVD»; bokstavane er ikkje ei offisiell forkorting, sjølv om ordet vert uttalt slik.

Tekniske detaljarEndra

Ein eittlags DVD kan lagra 4,377 gigabyte med data (men det står ofte «4.7GB» på disken, av di det eksakte talet er 4 699 979 766 byte, og giga- kan òg tyda ein milliard), nesten sju gonger so mykje som ein standard CD-ROM. Ein dobbeltsidig DVD har plass til om lag 8,5 gigabyte.

Eldre DVD-spelarar berekna på filmavspelning kan berre visa filmar som er på MPEG-format, men mange nyare DVD-spelarar kan spela av filmar på AVI-formatet DivX òg.

BakgrunnsstoffEndra