Filmen Shooter

amerikansk actionthrillar (2007)
(Omdirigert frå Filmen Snikskytter)

Shooter (Skarpskytter) er ein amerikansk actionthriller frå 2007 regissert av Antoine Fuqua. Han byggjer på romanen Point of Impact av Stephen Hunter. Filmen handlar om ein skarpskyttar, Bob Lee Swagger (Mark Wahlberg), som vert uskyldig skulda for eit attentat. Han hamna på amerikanske kinoar den 23. mars 2007, og vart lansert på DVD den 26. juni 2007.

Shooter
RegiAntoine Fuqua
Produsent(ar)Lorenzo di Bonaventura
ManusStephen Hunter (roman)
Jonathan Lemkin (manus)
Basert påPoint of Impact Sjå dette på Wikidata
MedverkandeMark Wahlberg, Danny Glover, Ned Beatty, Michael Peña, Kate Mara, Elias Koteas, Rhona Mitra, Rade Šerbedžija, Tate Donovan, Lane Garrison, Louis Ferreira, Levon Helm, Mike Dopud, Tom Butler, Jonathan Walker, Zak Santiago, Brian Markinson, Mackenzie Gray Sjå dette på Wikidata
MusikkMark Mancina
KlippConrad Buff IV, Eric Sears Sjå dette på Wikidata
SjeffotografPeter Menzies Sjå dette på Wikidata
DistributørParamount Pictures, UIP-Dunafilm, Paramount Home Entertainment, Netflix Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato2007
Lengd121 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandUSA Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Budsjett$61 million

SamandragEndra

Bob Lee Swagger (Mark Wahlberg) er ein skarpskyttar som vert beden av oberst Isaac Johnson (Danny Glover) om å hjelpa til med å spora opp ein leigemordar som har planar om å skyta den amerikanske presidenten. Johnson og hans menn lurar Swagger i ei felle. Dei myrdar den etiopiske erkebiskopen i det han står ved sida av den amerikanske presidenten under ein seremoni, og dei påstår at Swagger skaut biskopen i eit forsøk på å treffa presidenten. Swagger vert skoten og skadd av politimannen Timmons, men han klarer å flykta. Agentane fortel politiet og offentligheitan at Swagger er den skuldige, og dei isceneset ei massiv menneskejakt på den skadde skarpskyttaren. Likevel møter Swagger FBI-agenten Nick Memphis (Michael Peña), og Swagger avvæpnar han og stel bilen hans.

Swagger brukar førstehjelpsutstyret i bilen for å handsama skadane sina. Han unngår politiet ved å køyra ut i Delaware River og sym vekk. Han søkjer tilflukt hos Sarah Fenn, enka til Swaggers spotter og bestevenn Donnie Fenn, som vart drepen året før under eit oppdrag i Afrika som Swagger såvidt overlevde. Sarah reddar livet hans ved å reinsa og sy skotsåra hans. Nick Memphis får skulda for at Swagger klarte å flykta. Memphis hevdar at på grunn av Swagger si omfattande militære trening og lange røynsle, er det overraskande at Swagger ikkje klarte å skyta presidenten. Memphis meiner at Swagger kan ha vorte skulda for attentatet, og han finn fleire uoverensstemmelsar i bevisa og vitneforklaringane som vart gjeve til FBI. Hans mistankar veks når politimannen som skaut Swagger vert drepe få timar etter mordet på erkebiskopen.

Når dei løynlege agentane oppdagar at saka er kompromittert, kidnappar de Memphis og prøver å iscenesetja sjølvmordet hans. Swagger følgjer etter og drep agentane. Swagger og Memphis slår seg saman, og prøver å finna dei som står bak. Dei finn ein eks-skarpskyttar i Lynchburg, Virginia, som begår sjølvmord etter å ha avsløra at erkebiskopen faktisk var det eigenlege målet, og at han vart drepen for å hindra at han held ein tale om ei massakre i ein landsby i Eritrea. Massakren vart utført på vegner av eit konsortium av føretak med olje-interesser i Afrika, leda av den korrupte senatoren Charles Meachum (Ned Beatty). Swagger får òg vita at oppdraget der bestevennen, Donnie Fenn, vart drepen òg var ein del av massakren fordi dei fekk i oppdrag å verna tilbaketrekkingen av dei som stod bak massakren. Swagger tek opp denne tilståinga på band før han klarar å sleppe frå eit bakholdsangrep.

I mellomtida har ei gruppe leigesoldatar, leidd av Johnsons høgre hand, Jack Payne (Elias Koteas), kidnappa Sarah for å lokka fram Swagger. Sarah vert torturert og seksuelt misbrukt. Med dei nye bevisa sine arrangerer Swagger og Memphis eit møte med oberst Johnson og senator Meachum for å utveksla sitt gissel mot bevisa for senatoren og obersten sin ugjerningar. Etter å ha drepe Payne og fleire fiendtlige skarpskyttarar og redda Sarah, overgjev Swagger og Memphis seg til FBI. Seinare vert Swagger ført fram for statsadvokaten i eit lukka møte. Oberst Johnson, Memphis og Sarah er òg til stades. Swagger reinvaskar seg for drapet på erkebiskopen og vert frikjend. Men Oberst Johnson kan ikkje straffast for massakren i Eritrea sidan dette er utanfor amerikansk jurisdiksjon, og han går fri. Oberst Johnson møter senator Meachum same kveld, då dei vert angrepne av Swagger som drep begge to, ein av deira medhjelparar og to livvakter, før han opnar ein gassventil før han dreg derifrå. Flammene i peisen tenner på gassen, og heile huset eksploderar. Den siste scena viser Swagger som set seg i ein bil saman med Sarah og køyrer vekk frå huset.

RollelisteEndra

  • Mark Wahlberg som Bob Lee Swagger.
  • Lane Garrison som Donnie Fenn
  • Michael Peña som Nick Memphis
  • Danny Glover som oberst Isaac Johnson.
  • Kate Mara som Sarah Fenn
  • Elias Koteas som Jack Payne
  • Ned Beatty som senator Charles F. Meachum.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra