Finanstilsynet
Finanstilsynet, fram til 21. desember 2009 Kredittilsynet, er ein norsk statleg etat som fører tilsyn med føretak og marknader for å bidra til finansiell stabilitet og ordna marknadstilhøve. Tilsynet ligg under Finansdepartementet.
Finanstilsynet | |||
Org.form | Organisasjonsledd | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 840747972 | ||
Skipa | 1986 | ||
Morselskap | Finansdepartementet i Noreg | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Land | Noreg[1][2] | ||
Nettstad | http://www.finanstilsynet.no/ |
Tilsynet sin jurisdiksjon omfattar bankar, finansieringsselskap, kredittføretak, forsikringsselskap, pensjonskasser, verdipapirføretak, verdipapirfondsforvalting og marknadsåtferd i verdipapirmarknaden, børsar og autoriserte marknadsplassar, oppgjørssentralar og verdipapirregister, eigedomsmeklingsføretak, inkassoføretak, rekneskapsførarar og revisorar.
Bjørn Skogstad Aamo var direktør i Kredittilsynet fra 1993 til åremålet gjekk ut våren 2011. Morten Baltzersen tiltrådte som finansdirektør frå 15. august 2011.[3]
Kjelder
endre- ↑ Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 1535, Wikidata Q7061260
- ↑ Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 1167, Wikidata Q7061260
- ↑ Finanstilsynet: Morten Baltzersen tiltrer stillingen som finanstilsynsdirektør i Finanstilsynet.no