Finger er ein av dei rørlege lemmane som utgjer endestrålene til framlemmane hjå menneske og andre pattedyr, krypdyr, fuglar og amfibium. Dei kan mellom anna brukast til føling og griping. I utgangspunktet har kvar lem fem ekstremitetar, men dette kan ha endra seg gjennom evolusjon. Ytst på fingrane sit klør eller negler. Desse kan beskytta fingrane eller brukast til slosting.

Eit spedbarn grip fingeren til far sin.
Skjelettet i framlemmane hjå fleire pattedyr: Orangutang, hund, gris, storfe, tapir, hest.

Hjå menneske sit fingrane på ei hand og har på grunn av tommelen, som er motstilt dei andre fingrane og svært rørleg, stor førlegheit. Kvar finger er sett saman av tre korte røyrknoklar kalla fingerbein eller falangar. Tommelfingeren har berre to falangar. Ledda i fingrane dannar knokar.

På bøygesida er fingerhuda utfylt med feitt. På ytste leddet er det eit fint mønster av lister som er karakteristisk for eit individ og kan danna fingeravtrykk. I lêrhuda under listene er det rikeleg med følelekamar.

Menneske kan mellom anna bruka fingrane til å gripa og føra reiskapar, kommunisera (som i teiknspråk), telja, laga lyd (som knipsing og klapping) og mykje anna.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • «Finger» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 15. februar 2015.

Bakgrunnsstoff endre

  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.