Finiq (gresk Φοινίκη, Finíki) er ein landsby og ein kommune i regionen Vlorë i Albania. Kommunen ligg langt sør i landet og grensar i nordaust til regionen Gjirokastër, i søraust til nabolandet Hellas.

Finiq
Høglandet i Finiq
Høglandet i Finiq
Høglandet i Finiq
Byvåpenet til Finiq
Byvåpenet til Finiq
Styresmakter
Land
Region
Albania
Vlorë
Geografi
Flatevidd
 - By

444 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)

10 529
Koordinatar 39°54′0″N 20°3′0″E / 39.90000°N 20.05000°E / 39.90000; 20.05000
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Plassering
Finiq kommune innafor regionen Vlorë
Finiq kommune innafor regionen Vlorë
Finiq kommune innafor regionen Vlorë

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at dei tidlegare landkommunane Livadhja, Dhivër, Aliko, Finiq og Mesopotam vart slått saman.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i landsbyen Dermish.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande landkommunen Finiq 1 333 innbyggjarar, medan dei fem kommunane som i dag utgjer storkommunen Finiq, til saman hadde 10 529 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling

endre

Fram til år 2000 var dei tidlegare landkommunane Livadhja, Dhivër og Aliko ein del av distriktet Saranda, medan Finiq og Mesopotam høyrde til distriktet Delvinë.[3] Den dåverande landkommunen Finiq omfatta busetnadene:[2]

  • Finiq
  • Buronjë
  • Çlirim
  • Vrion
  • Karahaxhë
  • Bregas

Referansar

endre